
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A · Herøy (møre Og Romsdal)
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining? Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 80% fast stilling til Myrvåg omsorgssenter, seksjon A. H...
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 80% fast stilling til Myrvåg omsorgssenter, seksjon A. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med faglege utfordringar. Stillinga er for tida organisert med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg.
Stillinga er ledig frå 21.09.2026
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonAnna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478
ArbeidsstadÅsvegen 13
6080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5156498995
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 21.09.2026
Søknadsfrist: 17.08.2026
Heimetenesta i Herøy søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som vil vere med på å sikre gode tenester til innbyggerane. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der fagleg kvalitet, gode relasjonar og samarbeid står i sentrum. Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der vi støttar kvarandre og jobbar saman for å gi gode tenester. Det passa for deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, møte menneske der dei bur, og ferdast rundt i det vakre landskapet i Herøy kommune. Heimetenesta i Herøy har no ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar, for tida i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåver • yte helsetenester til heimebuande eldre og sjuke (til dømes personleg hygiene, ernæring og legemiddelhandtering) • nytte velferdsteknologi som tryggleiksalarm og elektronisk medisindispenser for legemiddelhandtering • utarbeide og følge opp tiltaksplanar • dokumentasjon etter gjeldande lovverk • arbeide i stor grad sjølvstendig og samarbeide med anna helsepersonell • rettleie og samarbeide med pasientar og pårørande • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta Kvalifikasjonar • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (eller er i utdanningsforløp) • erfaring frå arbeid i heimetenesta (ein fordel) • gode datakunnskapar (erfaring med Gerica er ein fordel) • kurs i legemiddelhandtering (kurs kan og takast eller fornyast ved tilsetting) • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk • førarkort klasse B • Vi har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. Personlege eigenskapar • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt • møte pasientar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver • har fokus på heilskaplege pasientforløp • likar å køyre bil i arbeidet gjennom ulike årstider Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse, samhald og inkludering med gode kollegaer • fagleg dyktige kollegaer, ein lærerik og variert arbeidsstad • løn etter gjeldande tariffavtale • pensjon og forsikringsordning gjennom KLP • fagdag i turnus • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen • stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonMaria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059 ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5 6092 FOSNAVÅG Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5129617013 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 14.09.2026 Søknadsfrist: 13.08.2026
Om stillinga Me søkjer ein engasjert og fagleg dyktig helsefagarbeidarar til fast tilsetjing. Arbeidet går ut på å gje trygg helsehjelp og praktisk bistand etter vedtak, i heimen til menneske med nedsett funksjonsevne. Stillinga er fast 100 % med arbeid kvar fjerde helg, hovedsakleg langvakter med innslag av nokre ordinære vakter i årsturnus. Her får du eit meiningsfylt arbeid der du blir ein del av ei trivelig og støttande personalgruppe. Stillinga er ledig frå 01.09.2026 eller etter avtale. Om oss Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er ei avdelinga som består av fleire bustadgrupper. Tenestemottakarane har ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov. Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestemottakarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestemottakarane og kvarandre. Hjå oss arbeider det miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, vernepleiarstudent og assistentar. Arbeidsoppgåver • Gje heilskapleg helsehjelp og praktisk bistand tilpassa individuelle vedtak • Skape tryggleik, struktur og gode dagar gjennom målretta miljøarbeid • Vere primærkontakt og ha ei sentral rolle i oppfølginga av tenestemottakarar • Rettleie elevar og lærlingar, og bidra til læring og fagleg utvikling i avdelinga • Sikre god og presis dokumentasjon i elektronisk journalsystem • Handtere medikament på ein trygg og fagleg forsvarleg måte • Følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 • Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar for å gi best mogleg oppfølging Kvalifikasjonskrav • Offentleg godkjend helsefagarbeidar/ hjelpepleiar • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • Førarkort klasse B Det er eit føremon om du har: • Erfaring frå arbeid i tenesteyting til mennesker med nedsett funksjonsevne er eit føremon • Erfaring med målretta miljøarbeid • Erfaring med HOL kap. 9 Kven er du? • Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid. • Du er tygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press. • Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging. • Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar. • Du har evne til etisk og fagleg refleksjon • Du har interesse og engasjement for brukargruppa. • Du er fleksibel og løysingsorientert Me søkjer deg som trivast med å arbeide planbasert, men som også taklar at arbeidsdagen kan endre etter opprinneleg plan. Du evner å vere sjølvstendig og handlekraftig, og skape tryggleik for våre tenestemottakarar. Me tilbyr • Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein konkret forskjell i livet til andre! • Eit godt fagmiljø med oppfølging, rettleiing og støtte i kvardagen • Nærverande leiing som ser deg og støttar deg i arbeidshandteringa • Årsturnus med moglegheit for innspel på eiga arbeidstid • Gratis parkering • Løn for helsefagarbeidar frå kr 475 300 til kr 551 100, avhengig av lønsansiennitet • God pensjonsordning i KLP • Moglegheit til å arbeide i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Om Habiliteringstenesta Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/ utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Vil du ha ein jobb der du får vere tett på menneske og gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira? Victoriahagen er ein del av Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune. Me gir tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov, og arbeider for å skape trygge, meiningsfulle og utviklande kvardagar for den enkelte. Turnusordninga inneber 13 timars vakter i kombinasjon med korte kveldsvakter. No søkjer me fleire nye kollegaer som ønskjer å vere med på laget vårt til stillingane som er ledig frå dags dato: Fast tilsetjing: • 3 x 100 % miljøterapeut • 1 x 60 % helsefagarbeidar • 3 x 65,7 % helsefagarbeidar natt Vikariat: • 1 x 75 % helsefagarbeidar fram til 31.01.2027 Oppstart etter avtale. Korleis er det å jobbe i Victoriahagen? Hjå oss blir du del av eit fagmiljø som arbeider målretta for å gi gode tenester og auka livskvalitet til brukarane våre. Me legg vekt på relasjonar, meistring, aktivitet og individtilpassa oppfølging. Målet vårt er og ha eit lag som samarbeider tett, støttar kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Samtidig får du stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra med eigne idéar. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere noko mellom stillingane, men kan mellom anna omfatte: • Målretta miljøarbeid og individuell oppfølging • Personleg assistanse og praktisk bistand • Opplæring og rettleiing i dagleglivet • Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar • Dokumentasjon og fagleg oppfølging • Legemiddelhandtering etter kompetanse og fullmakt • Primærkontakt- og koordinatoroppgåver ved behov • Aktiv deltaking i fagutvikling og kvalitetsarbeid Arbeidet ved nattestillingane omfattar særleg oppfølging og trygging av brukarane gjennom natta samt helsefagoppgåver. Kven ser me etter? For miljøterapeut-stillingane: Du har relevant 3-årig helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet. For helsefagarbeidar-stillingane må du ha autorisasjon som helsefagarbeidar. For alle stillingane ønskjer me at du: • Er trygg i møte med menneske • Er sjølvstendig og ansvarsbevisst • Samarbeider godt med andre • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Ønskjer å vere med og utvikle tenestene våre Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Me tilbyr: • Meiningsfulle arbeidsdagar der du ser resultat av arbeidet ditt • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer • Fagleg utvikling og rettleiing • Varierte arbeidsoppgåver • Løn etter tariff • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gratis overnatting mellom vaktene Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en. Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk. I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord. Link til søknadsskjema: Søk her