
Skjåkheimen og heimetenesta · Skjåk
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pas...
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene.
Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg.
Skjåk kommune har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Vil du ha ein sjukepleiarjobb der turnusen kan tilpassast kvardagen din? Ved Skjåkheimen sjukeheim tilbyr vi fleksible løysingar med moglegheit for langvakter og lengre friperiodar. Sjukepleiestudentar er velkomne til å søkje. Stillinga er for tida på tenesteområde Skjåkheimen sjukeheim i 3-delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Det vil vere moglegheit til å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til langvakt på vekedagar. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar- ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Sjukepleiestudentar kan og søkje på stillinga. Arbeidsområde Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Vi vektlegg gode pasientforløp med eit fagleg fokus for å sikre kvalitet og tryggleik i tenestene. Sjukeheimen har høg fagleg kompetanse og arbeider målretta for å gjennomføre ulike prosedyrar og oppgåver lokalt. Dette er særleg viktig sidan vi ligg langt frå sjukehus. Det er nær samhandling mellom heimetenesta, sjukeheimen og legetenesta. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen. Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har gjennom fleire år satsa målretta på å utvikle omsorgsbustader med sentral beliggenheit. Heile 14 av desse bustadane er integrerte i same bygg som sjukeheimen, noko som legg til rette for tett samarbeid og god kontinuitet i tenestene. Skjåkheimen og heimesjukepleia har felles nattevaktsteam, der 2 er stasjonert på Skjåkheimen og 1 i heimesjukepleia. Andel tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar • Førarkort klasse B • Godkjent politiattest Anna relevant kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje skulle kome søkjarar med autorisasjon som sjukepleiar. Vi vektlegg at du • er fagleg engasjert. • har gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner. • er initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet. • bidreg aktivt til eit god arbeidsmiljø. • er fleksibel, lojal og er ein lagspelar. • arbeider for å oppretthalde kvardagsmeistring hjå brukarane. • viser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag. • samarbeider med samarbeidspartar som; pårørande, Skjåkheimen, legevakt og spesialisthelsetenesta. • har evne til å arbeide strukturert og målretta • har god norskkunnskap, munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1). • har generell forståing for bruk av informasjonsteknologi. • dokumenterer i høve til lover og forskrifter. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • Pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobiltelefon 489 97 924. Vi har fortløpande opptak på stilling som sjukepleiar. • Elektronisk søknadsskjema • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit. Kommunedirektøren
Skjåk kommune har ledig 80-100% vikarstilling som sjukepleiar. Vikariatet er ledig frå dags dato til 31.12.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga. Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar - ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Kvalifikasjonar • Godkjent sjukepleiar • Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert • Førarkort klasse B • Godkjent politiattest Vi vektlegg at du • viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag • har erfaring frå liknande arbeid • viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert • har evne til å arbeide sjølvstendig • har gode samarbeidsevner • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924. Søknadsfrist 16.08.2026 Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så kan dette vere stillinga for deg. Vi har ledig fast stilling som fagsjukepleiar innanfor fagfeltet nevrokirurgi. Dette er eit spennande fagfelt som utviklar seg raskt i.f.t. behandlingsmetodar, medisinteknisk utstyr og prosedyrar. Dette vil gi deg moglegheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Vi har til saman 4,5 fagsjukepleiarar i vår seksjon, 2 på anestesi og 2,5 på operasjon som er fordelt innanfor nevrokirurgi og ØNH/KJeve-kirurgi. Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med dei andre fagsjukepleiarane i seksjonen. Du vil også samarbeide opp mot nevrokirurgar, ulike avdelingar og leverandørar. Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon. Dagtidsstilling med evt. moglegheit for noko vaktarbeid. Arbeidsoppgåver • Systematisere, utføre og dokumentere klinisk fagutviklingsarbeid • Planlegge og organisere fagdagar og internundervisning • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette • Utarbeiding og oppdatering av aktuelle prosedyrar, sertifiseringar og opplæringsplanar • Delta i den daglege drifta • Kontaktperson opp mot leverandørar • Bestilling/handtering av utstyr • Andre oppgåver kan også vere aktuelle Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Spesialutdanning innan fagfeltet operasjon • Interesse for fag og fagutvikling • God IKT kompetanse • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du kommuniserer og samarbeider godt med andre • Du arbeider strukturert og målretta • Du er intressert i faglege prosjekt • Du trivast med å rettleie andre å få andre til å bli god • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Gode pensjons- og forsikringsvilkår • Eige program for nytilsette • Store faglege utfordringar • Dyktige medarbeidarar • Aktivt miljø • Lønn etter tariff Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5119071933 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026