
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon · Skjåk
Skjåk kommune har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Vil du ha ein sjukepleiarjobb der turnusen kan tilpassast kvardagen din? Ved Skjåkheimen sjukeheim tilby...
Skjåk kommune har ledig 100% stilling som sjukepleiar.
Vil du ha ein sjukepleiarjobb der turnusen kan tilpassast kvardagen din? Ved Skjåkheimen sjukeheim tilbyr vi fleksible løysingar med moglegheit for langvakter og lengre friperiodar. Sjukepleiestudentar er velkomne til å søkje.
Stillinga er for tida på tenesteområde Skjåkheimen sjukeheim i 3-delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Det vil vere moglegheit til å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til langvakt på vekedagar. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar- ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Sjukepleiestudentar kan og søkje på stillinga.
Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Vi vektlegg gode pasientforløp med eit fagleg fokus for å sikre kvalitet og tryggleik i tenestene. Sjukeheimen har høg fagleg kompetanse og arbeider målretta for å gjennomføre ulike prosedyrar og oppgåver lokalt. Dette er særleg viktig sidan vi ligg langt frå sjukehus.
Det er nær samhandling mellom heimetenesta, sjukeheimen og legetenesta. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen.
Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har gjennom fleire år satsa målretta på å utvikle omsorgsbustader med sentral beliggenheit. Heile 14 av desse bustadane er integrerte i same bygg som sjukeheimen, noko som legg til rette for tett samarbeid og god kontinuitet i tenestene. Skjåkheimen og heimesjukepleia har felles nattevaktsteam, der 2 er stasjonert på Skjåkheimen og 1 i heimesjukepleia.
Andel tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid.
Anna relevant kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje skulle kome søkjarar med autorisasjon som sjukepleiar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobiltelefon 489 97 924.
Kommunedirektøren
Skjåk kommune har ledig 80-100% vikarstilling som sjukepleiar. Vikariatet er ledig frå dags dato til 31.12.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga. Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar - ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Kvalifikasjonar • Godkjent sjukepleiar • Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert • Førarkort klasse B • Godkjent politiattest Vi vektlegg at du • viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag • har erfaring frå liknande arbeid • viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert • har evne til å arbeide sjølvstendig • har gode samarbeidsevner • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924. Søknadsfrist 16.08.2026 Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar • Autorisert sjukepleiar • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid • Gode norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Engasjert i fag og utvikling • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert • Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer • Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag • Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet Arbeidsoppgaver Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene. Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg. Arbeidsoppgåver • Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving • Rettleie og støtte kollegaer og studentar • Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning • Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging • Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon Vi tilbyr • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. • Pensjonsordning i KLP.
Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig ei 100% stilling som sjukepleiar! Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag. Arbeidet vil bestå av planlegging av operasjonar innanfor ortopedi og kirurgi. Vi samarbeider tett med legar, anestesi- og operasjonspersonell for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. Du er ein engasjert sjukepleiar som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, er engasjert og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Startdato frå snarast. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Arbeidsoppgåver • Ansvar for oppsetting av planlagte operasjonar • Pasientlogistikk og ventelistearbeid innan kirurgi og ortopedi • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper • Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga • Rapporter Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant utdanning • God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer • Du må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg • Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver • Evne til å jobbe i eit miljø med høg aktivitet • Interesse for logistikkflyt • Gode IT- kunnskapar Personlege eigenskapar • Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer • Du er ansvarsbevisst • Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø • Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen • Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse • Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet • Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper • Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonCicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533, cicilie.frendal@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5146193967 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 31.07.2026