Då kan akuttmottaket og observasjonsposten på hos oss vere neste stopp for deg.
Her er det høgt tempo, sterkt fagmiljø og tett samarbeid – og ingen dag er heilt lik den førre. Du blir ein del av eit engasjert team som handterer alt frå akutte skadar og infeksjonar til alvorleg sjukdom. Vi lovar deg både utfordringar og meistring – og kollegaer som står saman i dei travlaste stundene.
Arbeidstida er dag, kveld og natt. Hos oss har vi langvaktsturnus heile veka.
👉 Kjenner du deg litt nysgjerrig no? Klikk på søkeknappen – eller slå på tråden til Anne for ein uformell prat.
Kva går jobben ut på?
- Ta imot, triagere, observere og følgje opp pasientar med akutte og komplekse behov.
Vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team, samtidig som du får brukt og utvikla di sjølvstendige kliniske vurderingsevne. Bidra til trygg og kvalitetsmessig god pasientbehandling gjennom raske faglege vurderingar og tett pasientoppfølging. Rettleie og støtte sjukepleiarstudentar i praksis. Delta i fagutvikling og bidra til vidare utvikling av tenestene våre. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Må ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta. Ønskeleg med erfaring frå akuttmottak. Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
tek ansvar, er til å stole på og spør når du lurer på noko er trygg i pasientkontakt, og viser respekt og medkjensle trivst i eit miljø med tempo, og tek gjerne tak der det trengst jobbar strukturert og målretta, og deler kunnskap med andre er ein lagspelar som bidreg til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø held hovudet kaldt når det hastar, og har eit fagleg blikk for situasjonen Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du
bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid opplæring og støtte til å kjenne deg trygg i rolla bli del av eit godt arbeidsmiljø med rom for både utvikling og humor jobbe i ei avdeling der du verkeleg merkar at du gjer ein forskjell
🌟 Kjenner du at dette kan passe for deg? Då håpar vi du søkjer.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAnne Møklebust, Funksjonsleiar, +47 97574977
ArbeidsstadTysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5166720779
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026