Du trivst når det skjer litt rundt deg – og er ein trygg sjukepleiar som vil vere med oss i det vi meiner er ein av dei mest spanande og lærerike postane på sjukehuset vårt.
Her jobbar vi tett saman, både fagleg og menneskeleg, og har pasientar med både hjarte-, lunge- og gastrolidingar – i tillegg til eit breitt spekter av andre medisinske diagnosar. Det gir ein kvardag med mykje ansvar, stor variasjon og god utvikling – saman med flinke og rause kollegaer.
Er du ny? Null stress – vi tek godt imot deg og sørgjer for god opplæring og støtte frå dag éin.
Tilgjengelege turnusordningar kan variere ut frå bemanningsbehov og driftsmessige forhold.
Stord er perfekt plassert for deg som vil ha fjord, fjell og fritid tett på. Her finn du turstiar, aktivitetar, kulturliv – og både vidaregåande skular og høgskule.
🔗Les meir om Stord kommune
Du vil jobbe med pasientar innan hjarte-, lunge- og gastrolidingar – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet.
Vi jobbar i tverrfaglege team, støttar kvarandre – og blir stadig betre på å stå saman.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Personleg egnethet blir vektlagd.
Hos oss er det viktig at du
Hos oss får du ein arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Kombinasjonen av hjarte-, lunge- og gastropasientar gir brei erfaring og gode moglegheiter til å utvikle deg fagleg. Vi legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og eit trygt arbeidsmiljø der du aldri står åleine i krevjande situasjonar.
Vi tilbyr fleksible turnusløysingar, gode tillegg for langhelgturnus og kollegaer som bryr seg om både pasientane og kvarandre. Er du ny som sjukepleiar, får du tett oppfølging og god opplæring. Har du erfaring, får du faglege utfordringar og moglegheiter til å vidareutvikle kompetansen din.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
KontaktinformasjonGloria Martinsdóttir Hauan, Funksjonsleder, 91300840, gloria.martinsdottir.hauan@helse-fonna.no
ArbeidsstadTysevegen 64
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5167230882
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 02.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stord