Skogen Entreprenør AS er eit solid entreprenørfirma med base i Vågå, med historie som strekkjer seg over 40 år. Selskapet er ein
velrennomert aktør i bransjen og har gjennom mange år levert gode resultat og har en sunn økonomi. Omsetninga i fjor var på NOK.
55 mill. som eit engasjert og dyktig lag på 19 tilsette sørgjer for. Oppdragsmengda aukar stadig, med mange spanande prosjekt på
gang og no ser vi etter en erfaren og sjølvgåande gravemaskinførar.
Som maskinførar hos Skogen Entreprenør får du en variert kvardag med ansvar for eigne oppgåver. Vi legg stor vekt på at våre
tilsette skal ha skikkeleg redskap og maskiner for å gjere ein god jobb, og du vil difor få moderne maskiner med
GPS/maskinstyring. Typiske arbeidsoppgåver er: VA-arbeid, grunn- og terrengarbeid, vegbygging og arbeid på større anlegg.
Vi har et uformelt og godt arbeidsmiljø der vi hjelp kvarandre, og vi set stor pris på medarbeidarar som tek initiativ og ser
løysningar der andre ser utfordringar.
Vi leitar etter deg som har nokre år bak spakane. Du er påliteleg, punktleg og forstår kor viktig god dokumentasjon og HMS er i
kvardagen. Det er viktig at du kommuniserer godt på norsk.
Vi tilbyr en trygg arbeidsplass i eit solid selskap med konkurransedyktige vilkår. Hjå oss får du ordna arbeidsforhold med mellom
anna overtidsbetaling etter 37,5t, gode pensjons- og forsikringsordningar og moglegheit til å utvikle deg i eit fagleg sterkt
miljø.
For meir informasjon, kontakt vår samarbeidspartner i Veksthuset Rekruttering, seniorrådgjevar Knut Nyhagen på tlf. 918 84277
Send inn CV/søknad via lenka på sida.
Alle søknader blir behandla konfidensielt.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Vågå