Hitta ditt nästa jobb i Vågå kommun. Utforska 8 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
Alle barn og unge i Vågå skal oppleve at dei har eit trygt, godt og inkluderande oppvekst- og læ ringsmiljø for å unngå at dei fell utanfor i skule, barnehage og på fritida. Vågå kommune skal ha ein solid kultur for inkludering og fellesskap for alle barn gjennom gode oppvekstvilkår og gode arenaer for læring og utvikling . (Handlingsplan for førebygging og tidleg innsats i Vågå). Lalm barnehage er ein fire-avdelingsbarnehage som ligg ca. 12 km østover for Vågåmo sentrum. Avdelingane er: Maurtuva 1 åringar, Humlebolet 2 åringar, Revehiet 3 åringar og Bjørnehiet 4-5 åringar. For neste barnehageår har vi ledig denne stillinga ved Lalm barnehage: • 80% svangerskapsvikariat som barne -- og ungdomsarbeidar. Arbeidsoppgåver • Vere aktiv i relasjonsarbeidet med barna. • Bidra i endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen. • Vere observant, inkludere barn i leik og støtte barna i sosialt samspel. • Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage. • Samarbeide tett med kollegaer om å løyse barnehagens oppgåver. • Vere aktiv i planlegging og gjennomføring av leik, aktivitetar og rutinar. • Kan få som oppgåve å vera rettleiar for lærlingar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Kvalifikasjonar • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men annan relevant bakgrunn kan vurderast. • Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg. • Personleg eignaheit vil bli vektlagt Personlege eigenskapar Vi verdsett mangfold, ønskjer at du tek ansvar og bidreg i utviklinga av barnehagen. Vi ser etter ein person som: • Har evne til å ha delansvar i pedagogisk arbeid i barnegruppa. • Er ein trygg og god rollemodell for barna i leik og sosialt samspel. • Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål. • Har eit glødande engasjement for barna. • Er oppteken av fagleg utvikling og vidareutvikling av barnehagen. • Ønskjer å bidra til utvikling gjennom refleksjon og forbetring av praksis. • Har uteglede og har evne til å inspirere barna i natur og uteaktivitetar. Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø. • Kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling. • Fine lokal og uteområde med stor variasjon der barna opplev meistring. • Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler. • God pensjonsordning. Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kyrkjelege fellesråd søkjer etter kyrkjeverje i fast 80% stilling. Som kyrkjeverge vil du få ansvar for det daglege arbeidet i og rundt Vågåkyrkja samt rapportere til Vågå kyrkjelege fellesråd som er kyrkja sitt øvste organ i kommunen. Ei spennande og variert leiarstilling! Hva vi ser etter Kvalifikasjonar: • Høgare økonomisk/administrativ utdanning og leiarerfaring er ein fordel, men særskilt relevant praksis kan kompensere for formell utdanning • Erfaring fra møteleiing, forhandlingar og/eller anna utadretta verksemd • Kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon er ein fordel, og engasjement for kyrkjas visjon og målsettingar • Erfaring og gode ferdigheiter i bruk av dataverktøy Personlege eigenskapar; • Vera trygg i rolla som leiar og ha god evne til å ta riktige beslutningar, prioritere, organisere og korrigere når det er nødvendig • Evne til å oppnå tillit og gode relasjonar internt og eksternt • Gode kommunikasjonsevner både muntleg og skriftleg. Målforma i soknet er nynorsk • Strukturert og ryddig • Kunne arbeide godt sjølvstendig og i team med tilsette og frivillige • At du er personleg skikka og motivert for stillinga vil bli vektlagt Arbeidsoppgaver • Vera dagleg leiar for rådets verksemd i Vågå i samsvar med vedtekne planer, budsjett, gjeldande lover og forskrifter • Personalansvar. Leie og motivere dei tilsette. Inneha det overordna ansvaret for arbeidsmiljøet • Utvikle og leie den kyrkjelege aktiviteten i Vågå i samarbeid med tilsette og frivillige • Ansvar for gravplassforvaltninga • Overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkja og kyrkjegarden • Du er saksbehandlar og sekretær for rådet og soknerådet • Sikre finansiering av drifta og investeringsprogram gjennom aktiv forhandling om økonomiske rammer, og søkje anna finansiering der det er mogleg • Leie strategi- og utviklingsarbeidet for rådet • Bidra til å skape gode relasjonar og samhandling med kyrkjelyden • Representere verksemda utad mot kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, administrasjonen i kommunen, media og andre • Sikre at verksemda blir drifta i samsvar med lov- og avtaleverk • Kontakt med og rapportering til offentlege styresmakter Vi tilbyr • Ei variert og utfordrande leiarstilling med mange viktige og varierte oppgåver • Lønn etter avtale • Pensjonsordning gjennom KLP • Gode digitale verktøy som gjev god fleksibilitet i ein hektisk arbeidskvardag • Kollegaforum på regionalt, bispedømme- og lands-nivå • Tilbud om kurs innan aktuelle fagområder • Før tilsetting skal det leggjast fram politiattest (jf. KL.§29) og søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja. • Lønn og arbeidsvilkår i hht. gjeldande regulativ og KA si tariffavtale for kyrkjeleg tilsette • For stillinga gjeld ei prøvetid på seks månadar • Du må pårekne noko jobb og møteverksemd på kveldstid, helg, helligdag. Det tilstås ekstra fridagar som kompensasjon for møter mv utanom ordinær arbeidstid • Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god arena for både kyrkjelyden og dei tilsette. Vi har ljose og trivelege kontor på kommunehuset i Vågå, rett ved Vågåkyrkja • Andre tilsette på kontoret er sekretær, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjetenar/gravplassarbeidar. Soknepresten har og sin kontorplass på kontoret, men har prosten som sin arbeidsgjevar
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar! Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg. Ved Heimetenesta møter du eitfagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp , har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid . Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaersom gler seg på å få nettopp deg med på laget. Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg. Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette. I tenesta legg vi vekt påfagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling . Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver: • Budsjettoppfylging som inneber å delta aktivt i budsjettarbeid og budsjettrapportering • Fag- og personalansvar for alle tilsette i avdelinga • Levere god tenestekvalitet i tråd med tildelingskriterier og avdelinga sine rammer og mål • Utøve nærleiing og ha høg tilstedeværelse i avdelinga • Ha fokus på kontinuerleg forbetringsarbeid og læring • Arbeide for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og Miljøgruppe • Turnusansvar og ansvar for tilsettingsprosessar Lista er ikkje uttømmande Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 5 års erfaring • Leiarutdanning og/ eller erfaring med leiing av helsetenester er ynskjeleg, men ikkje naudsynt • Gode turnuskunnskapar • God digital kompetanse og evne til å sjå moglegheiter og gevinstar ved bruk av t.d. helseteknologi • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, med evne til å utarbeide og formidle tydelege, ryddige og strukturerte framstillingar • God forståing for og erfaring med økonomistyring og politisk styrte rammebetingelser er ynskjeleg Eigenskapane dine: • Tek ansvar og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre • Har høg arbeidskapasitet og god forståing for eiga rolle og ansvar • Er ein tydeleg, trygg og tillitsskapande leiar • Arbeider planmessig, strukturert og systematisk • Har sterk gjennomføringsevne • Er engasjert i utvikling og motiverast av å leie endrings- og utviklingsprosessar • Har sterke kommunikative ferdigheiter • Evnar å byggje tillitsfulle relasjonar og skape ein kultur for samarbeid og samhandling • Tek initiativ og sikrar god involvering, forankring og framdrift i prosessar • Er løysingsorientert og oppteken av å finne gode og berekraftige løysingar til det beste for fellesskapet • Evnar å inspirere og motivere medarbeidarar, og bidreg aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Møter endringar og utfordringar med fleksibilitet og tilpassingsdyktigheit • Er lojal og bidreg til å styrkje fellesskapet og laget Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt Det vert krevd politiattest ved tilsetjing. Vi tilbyr: • 100 % fast stilling som avdelingsleiar Heimetenesta • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som avdelingsleiar vil få ei nykkelrolle for utvikling av tenesta • Deltaking i ei støttande og inkluderande leiargruppe med høgt fagleg fokus, som er motiverte og er tydelege lagspelarar • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer • Ei avdeling med fokus på fag, kvalitet og utvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Konkurransedyktig lønn • For deg som ikkje kan dagpendle vil kommunen vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Søknad: Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Frå 7.desember 2026-- 18.mars 2027 er det ledig 80 % stilling som barnehagelærar i eit svangerskapsvikariat med moglegheit for tidlegare start. Søre Grindstugu barnehage er ein fem-avdelingsbarnehage: Marihøna 1 år, Ekornet 2- 3 år, Haren 3- 4 år, Rådyret 4 år og Elgen 5 år. Arbeidsoppgåver • Vere ein god rollemodell som er aktiv i relasjonsarbeidet med barna • Medansvar for endrings -- og utviklingsarbeid • Vere ein god rollemodell i leik • Vere observant og kunne inkludere og hjelpe barn inn i leik • Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage • Samarbeide med kolleger om å løse barnehagen sine oppgaver • Foreldresamtaler • Vere i to -spann med pedagogiskleiar Kvalifikasjonar • Bachelor som barnehagelærar • Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg • Studentar er velkomne til å søke Personlege eigenskapar Vi verdsett mangfold, der alle involveres og tek ansvar i utvikling av barnehagen, samtidig ynskjer vi at du: • Har evne til å ha ansvar i pedagogisk arbeid i barnegruppa • Har gode samarbeidsevner og kan samarbeide godt i eit team • Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål • Har eit glødande engasjement for barna • Er oppteken av kunnskap og vidareutvikling av barnehagen. • Ønsker å bidra til utvikling gjennom refleksjon og forbetring av praksis • Har uteglede og har evne til å inspirere barna • Har ei helse som er forenlig med arbeidets art Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø • Kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling • Fine lokal og uteområde med stor variasjon der barna opplev meistring • Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler • God pensjonsordning Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. Søknadsfrist: 10.september 2026 Nærare opplysingar får du ved å kontakte konstituert styrar: Siv Kristin Paulsen; mobil: 95 28 11 06 e-post: siv.kristin.paulsen@vaga.kommune.no Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Beskrivelse Vågå tannklinikk har ledig 100 % vikariat som tannhelsesekretær/ assistent for snarlig tiltredelse og med varighet i ett år. Om klinikken Ved Vågå tannklinikk består bemanningen av: 1 tannlegestilling, 1 tannpleierstilling og 2 tannhelsesekretær-/assistentstillinger. Vil du vite hvordan det er å jobbe i Tannhelsetjenesten, Innlandet fylkeskommune, så har vi opprettet en egen nettside. Denne nettisden kommer du inn på her: https://innlandetfylke.no/tjenester/tannhelse/jobb-i-tannhelsetjenesten/ Vi tilbyr • Moderne utstyr og journalprogrammet OPUS ved alle våre klinikker. • Faglige utfordringer og systematisert etter- og videreutdanning til våre medarbeidere. • Et nettverk av gode og dyktige kollegaer hvor hjelp og støtte aldri er langt unna. • Et aktivt og utviklende arbeidsmiljø. • Lønn etter gjeldende avtaleverk. • Tannhelsesekretærer med autorisasjon lønnes som fagarbeidere og ufaglærte som assistenter. • Fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordninger. Regionene og kommunene i Innlandet kan gi råd og veiledning med hensyn til å finne bolig, jobb til ektefelle/ samboer og barnehageplass. Informasjon om skoletilbud, fritidstilbud i kommunen og andre muligheter i kommunen vil bli gitt ved forespørsel. Vi søker deg som • Vil være med å utvikle Tannhelsetjenesten i Innlandet fylkeskommune. • Jobber selvstendig. • Har gode samarbeidsevner. • Være et positivt bidrag til arbeidsmiljøet. • Primært har norsk autorisasjon. • Dersom det ikke er søkere med autorisasjon som tannhelsesekretær, kan stillingen bli vurdert og omgjort til en assistentstiling og lønnet deretter. Om stillingen • 100 % vikariat som tannhelsesekretær/ assistent til Vågå tannklinikk for snarlig tiltredelse. • Tannklinikken er en klinikk med voksne, betalende pasienter i tillegg til de lovpålagte behandlingsgruppene. • Arbeidssted er for tiden Vågå tannklinikk, Moavegen 20 A, 2680 Vågå. Arbeidsoppgaver • Ta imot pasienter. • Klinisk assistanse ved behandling. • Hygiene ansvar. • Arbeid på steril. • Betjening av resepsjon/telefon. • Administrative oppgaver knyttet til drift. • Være et positivt bidrag til arbeidsmiljøet. Tannhelsesekretæren/ assistenten har en svært variert arbeidsdag i varierende tempo, noe som forutsetter at du er løsningsorientert og kommuniserer godt med pasienter og kollegaer. Kvalifikasjoner • Autorisasjon som tannhelsesekretær. • Gode datakunnskaper. • Tilsettingen vil basere seg på en samlet vurdering utfra intervju, utdannelse, praksis og referanser. • Egnethet vil være en avgjørende faktor ved ansettelsen. Vi stiller krav om • Du må beherske norsk/ skandinavisk språk muntlig og skriftlig. • Gode kommunikasjons- og fremstillingsevner. Søknad Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal gjenspeile mangfoldet i befolkningen og oppfordrer derfor alle som er kvalifisert i henhold til utlysningsteksten til å søke hos oss. Personlig egnethet vil bli vektlagt. Vi ber aldri om Bank-ID informasjon i søknadsprosessen. Det kreves politiattest - ikke eldre enn tre måneder - for alle stillinger i tannhelsetjenesten. Vi gjør oppmerksom på at alle søkere kommer på offentlig søkerliste, jf. offentleglova § 25. Fritak fra offentliggjøring gjøres bare unntaksvis og du må begrunne hvorfor du skal unntas offentlighet i tekstfeltet til søknaden. Det tas forbehold om at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillingen. Innlandet fylkeskommune benytter elektronisk søknadsskjema. Vi ser fram til å motta søknaden din. Link til søknadsskjema: Søk her
Ved Heimetenesta i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nært samarbeid med institusjon Vågåheimen, legetenesta, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget. Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar og helsefagarbeidar, eller har byrja på desse utdanningane. I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat, som etter avtale kan ligge mellom 50 og 100% stilling. Så her er det mogleg å finne ein stillingsstorleik som passar livet ditt! Stillingane har arbeid i turnus på dag, kveld og helg. Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, samt langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve under, ynskjer vi likevel å høyre frå deg. Vi har ledig føljande stillingar: 100% fast helsefagarbeidar 75% vikariat helsefagarbeidar - ledig ut 2027 100% vikariat sjukepleiar - ledig ut 2027 Vi ber om at du spesifiserer i søknaden kva for stilling du søkjer på. Arbeidsoppgåver: • Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar • Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp • Samarbeid med institusjon Vågåheimen, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar • Ansvarsvakt for sjukepleiarar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev helsefagarbeidar, eller har starta på desse utdanningane • Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1) • God fagleg innsikt og tryggheit • Søkaren lyt ha førarkort klasse B. Eigenskapane dine: • Fagleg engasjert • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig • Kreativ og endringsorientert/-viljug • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner • Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Fleksibel, lojal og er ein lagspelar Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt Det vert kravd politiattest ved tilsetjing. Vi tilbyr: • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer • Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøte og fagleg utvikling • Konkurransedyktig lønn • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle. Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. **Venlegast informer i søknaden om du kva for type stilling du søkjer på (samt ynskje om stillingsprosent). ** Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar. Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er. Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Har du litt tid til overs og ynskjer å gjere ein forskjell i kvardagen for nokon andre? Vågå kommune søkjer engasjerte personar til oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt. Som støttekontakt er du med på å støtte barn, ungdom, vaksne eller eldre som har behov for hjelp til å delta på fritidsaktivitetar. Støttekontaktordninga er ei teneste som skal medverke til å auke brukaren si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre, skape ein meir aktiv kvardag og bidra til å få ei meiningsfull fritid. Tenestemottakarane våre har ulike interesser og behov, og vi treng difor støttekontaktar i ulik alder og av begge kjønn. Du treng inga formell utdanning -- det viktigaste er at du er påliteleg, har gode haldningar og eit ynskje om å vere der for andre. Vi legg vekt på å matche støttekontakt og tenestemottakar ut frå felles interesser, slik at begge partar får eit positivt utbytte av samværet og ein god relasjon til kvarandre. I søknaden er det difor viktig at du fortel litt om deg sjølv og kva du likar å gjere på fritida. Om oppdraget: Eit vanleg oppdrag er på om lag 2 timar i veka, men omfanget kan variere frå person til person -- enkelte har vedtak på opp til 6 timar i veka. Typiske arbeidsoppgåver vil vere: • Å skape glede gjennom samhandling • Å auke fysisk og psykisk livskvalitet • Å vere følgje eller hjelp til praktiske gjeremål som til dømes handling • Å stimulere til sosial aktivitet • Å medverke til nettverksbygging • Å følgje tenestemottakar til aktivitetar som til dømes kafè, trening, kulturtilbod eller gåturar • Skape tryggleik og motivasjon for å delta Støttekontaktar inngår oppdragsavtale med Vågå Kommune på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regler og avtaler. Timesats for 2026 ihht Gebyrregulativet er kr 206 pr time. Det vil bli utbetalt inntil kr 541 i utgiftsgodtgjersle pr månad etter framlagte rekningar, samt reisegodtgjersle etter statens satsar. Kvalifikasjonar • Du må vere 18 år eller eldre • Du er aktiv, engasjert og god til å byggje relasjonar • Det er viktig at du er påliteleg og held avtalar • Det er inga krav til formell utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt • Det er ikkje eit krav at du har førarkort og disponerer bil, men det er viktig at dette kjem fram i søknaden. • Politiattest må leggjast fram ved eventuelt tilbod om oppdrag Korleis søkje? Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no Søknadsfrist 30.09.2026 Søknadar blir vurdert fortløpande. Kontaktperson: Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer informasjon om tenesta. Det er høve til å få meir informasjon om ein eventuell tenestemottakar før du takkar ja til oppdraget. Tildelingskontoret v/ Mai Britt Myrum, tlf. 45343573 (ferie veke 29, 30 og 31) Vi ser fram til å høyre frå deg! Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
VI VEKS OG SØKJER ERFAREN GRAVEMASKINFØRAR. Skogen Entreprenør AS er eit solid entreprenørfirma med base i Vågå, med historie som strekkjer seg over 40 år. Selskapet er ein velrennomert aktør i bransjen og har gjennom mange år levert gode resultat og har en sunn økonomi. Omsetninga i fjor var på NOK. 55 mill. som eit engasjert og dyktig lag på 19 tilsette sørgjer for. Oppdragsmengda aukar stadig, med mange spanande prosjekt på gang og no ser vi etter en erfaren og sjølvgåande gravemaskinførar. ARBEIDSDAGEN DIN HOS OSS: Som maskinførar hos Skogen Entreprenør får du en variert kvardag med ansvar for eigne oppgåver. Vi legg stor vekt på at våre tilsette skal ha skikkeleg redskap og maskiner for å gjere ein god jobb, og du vil difor få moderne maskiner med GPS/maskinstyring. Typiske arbeidsoppgåver er: VA-arbeid, grunn- og terrengarbeid, vegbygging og arbeid på større anlegg. Vi har et uformelt og godt arbeidsmiljø der vi hjelp kvarandre, og vi set stor pris på medarbeidarar som tek initiativ og ser løysningar der andre ser utfordringar. KVEN SER VI ETTER: Vi leitar etter deg som har nokre år bak spakane. Du er påliteleg, punktleg og forstår kor viktig god dokumentasjon og HMS er i kvardagen. Det er viktig at du kommuniserer godt på norsk. Vi ser gjerne at du har: * Fagbrev som anleggsmaskinførar (lang erfaring kan kompensere). * Maskinførarbevis og solid erfaring med gravemaskin. * Erfaring med bruk av maskinstyring/GPS. * Førarkort kl. B (BE) er en fordel. KVIFOR VELGJE SKOGEN ENTREPRENØR AS: Vi tilbyr en trygg arbeidsplass i eit solid selskap med konkurransedyktige vilkår. Hjå oss får du ordna arbeidsforhold med mellom anna overtidsbetaling etter 37,5t, gode pensjons- og forsikringsordningar og moglegheit til å utvikle deg i eit fagleg sterkt miljø. TILTREDING: SNARAST/ETTER AVTALE - VELKOMMEN TIL OSS! For meir informasjon, kontakt vår samarbeidspartner i Veksthuset Rekruttering, seniorrådgjevar Knut Nyhagen på tlf. 918 84277 Send inn CV/søknad via lenka på sida. Alle søknader blir behandla konfidensielt.
Just nu listas 8 aktiva annonser i Vågå kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Vågå finns Vågå Kommune Heimetenestene, Innlandet fylkeskommune Tannhelse, Lalm Barnehage.