Hoppa till huvudinnehållet
Jobb per ort

Lediga jobb i Lom

Hitta ditt nästa jobb i Lom kommun. Utforska 3 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.

Aktiva annonser
3 tjänster
Region & län
Innlandet

Aktuella jobb i Lom

Visar de senaste annonserna
Ottadalen Avløysarlag Sa Avd Våga logo

Dagleg leiar Ottadalen Avløysarlag SA

Ottadalen Avløysarlag Sa Avd Våga•Lom•12 okt.

Ottadalen Avløysarlag jobbar tett med gardbrukarane i Vågå og Lom for å organisere hjelp til avløysing ved sjukdom og ferie og fritid. Vi lønner om lag 100 avløysarar kvar månad på vegne av gardbrukarane. Vi søkjer ein dagleg leiar som ynskjer å vere eit viktig kontaktpunkt for ei stor næring. Hva vi ser etter​ Vi søkjer deg som er sosial og har erfaring med rekneskap. Kjennskap til landbruksnæringa tel positivt. Arbeidsoppgaver​ -Rekneskap og løn -Personal, rekruttering og tilsetjing -Vakttelefon og turnusplanlegging -Bistå gardbrukarane når det gjeld velferdsordningane i landbruket Vi tilbyr​ Moglegheit til 80% stilling der 10 % er vakttelefon.

HeltidSista ansökan: 31 okt.
Vågå Kommune Økonomitenesta I Ottadalen logo

Rekneskapsrådgjevar – Økonomitenesta i Ottadalen

Vågå Kommune Økonomitenesta I Ottadalen•Lom•12 okt.

Vil du vere med og byggje opp den nye Økonomitenesta i Ottadalen? Vi søkjer ein engasjert rekneskapsrådgjevar som ønskjer å bidra til utviklinga av ei ny interkommunal økonomiteneste.​ Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å vere med og forme framtidas økonomiteneste i Ottadalen. Arbeidsstaden kan vere Vågå, Lom eller Skjåk​, og det vil vere mogleg å ha arbeidsstad ved fleire av kontora etter avtale. Stillinga er tilsett i Vågå kommune, som er vertskommune for den interkommunale Økonomitenesta i Ottadalen. Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta. Om Økonomitenesta i Ottadalen​ Økonomitenesta i Ottadalen er eit nyoppretta interkommunalt samarbeid mellom Vågå, Lom og Skjåk kommunar​, med Vågå kommune som vertskommune. Vi er i gang med å byggje opp ei felles økonomiteneste som skal levere gode og effektive økonomitenester til alle dei tre kommunane. Tenesta består av 11,5 årsverk​ og har eit breitt fagområde. Vi arbeider mellom anna med rekneskap, økonomioppfølging og controlleroppgåver, lønn, fakturering, fakturamottak, innfordring, rapportering og internkontroll. Vi er opptekne av å skape ei moderne og robust økonomiteneste med høg kvalitet, gode fagmiljø og effektive arbeidsprosessar. Arbeidsoppgåver​ Som rekneskapsrådgjevar i Økonomitenesta vil du få ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan rekneskap og økonomi. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: • løpande rekneskapsføring • avstemming av rekneskap og balansekontoar • oppfølging og kvalitetssikring av rekneskapsdata • arbeid med periode- og årsavslutning • samarbeid med lønnsfunksjonen og oppgåver knytt til lønnsområdet ved behov • samarbeid med dei andre fagområda i Økonomitenesta • rettleiing og oppfølging av leiarar og andre tilsette i kommunane • bidra til gode rutinar, internkontroll og effektiv arbeidsflyt • digitalisering av arbeidsprosessar Lista er ikkje uttømmande, og arbeidsoppgåvene kan bli endra og tilpassa etter behov. Oppgåvene vil kunne bli tilpassa kompetansen og erfaringa di. Som del av ei nyetablert teneste vil du også få høve til å påverke korleis vi organiserer og utviklar arbeidsprosessane våre. Vi ser etter deg som​ • har relevant høgare utdanning innan rekneskap eller økonomi. Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. • har god forståing for rekneskapsfaget • tek ansvar for eigne oppgåver og leveransar • trivst med samarbeid og deling av kompetanse • har gode digitale ferdigheiter · har god formidlingsevne, du kommuniserer klart og forståeleg på norsk, både skriftleg og munnleg. Det er ein fordel om du har erfaring frå kommunal sektor, men dette er ikkje eit krav. Som person er du​ • engasjert og initiativrik • strukturert og nøyaktig • løysingsorientert og serviceinnstilt • interessert i å bidra til utvikling og digitalisering av nye arbeidsprosessar og rutinar • sjølvstendig og handterar periodar med høgt arbeidspress Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, fagleg engasjement og vilje til å bidra i eit nytt og utviklingsorientert fagmiljø​. Bli med og byggje Økonomitenesta i Ottadalen​ **Arbeidsstad:**Vågå, Lom eller Skjåk Arbeidsgjevar:​ Vågå kommune**Stillingsstorleik:**100 % Tilsetjing:​ Fast Økonomitenesta i Ottadalen er ei nyetablert teneste, og vi har eit spennande arbeid framfor oss med å utvikle ein felles organisasjon og gode tenester for tre kommunar, tre kyrkjelege råd og to frivilligsentralar. Hos oss får du høve til å vere med frå starten og påverke utviklinga av ei ny interkommunal økonomiteneste på tvers av kommunegrensene. Vi ønskjer å byggje eit fagmiljø der vi deler kompetanse, hjelper kvarandre og har fokus på kvalitet og gode løysingar. Vi har medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring, og ønskjer å utvikle eit miljø med høg fagleg kompetanse, godt samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi tilbyr​ • ein spennande jobb i ei nyetablert interkommunal økonomiteneste • eit breitt og variert arbeidsfelt • eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar • høve til å påverke og utvikle arbeidsprosessar og rutinar • moglegheit for arbeidsstad i Vågå, Lom eller Skjåk​ • lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP • arbeid på dagtid og fleksitid • høve til fagleg utvikling og kompetanseheving Referansar vil bli innhenta, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Vågå kommune er ein arbeidsgivar som verdset mangfald​ Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. Vil du vere med og forme framtidas økonomiteneste i Ottadalen? Då håpar vi å høyre frå deg.​

HeltidSista ansökan: 31 okt.
Lom Kommune Sentraladministrasjon logo

Vi søkjer fagarbeidar til vikariat i tilrettelagte tenester

Lom Kommune Sentraladministrasjon•Lom•8 okt.

No har vi ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar, med moglegheit for å arbeide 80 % dersom du ønskjer det. Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt. Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar. Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine​ • Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov. • Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar. • Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik. • Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak. • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar. • Bidra til fagleg utvikling og gode tenester. Vi ser etter deg som​ • Er raus, positiv og engasjert. • Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell. • Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide. • Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing. • Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk. • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap. Kvalifikasjonar​ • Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. • Førarkort klasse B. • Gyldig politiattest. Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på. Kvifor velje oss?​ Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel. Vi tilbyr:​ • Eit 100 % vikariat, med moglegheit for 80 % stilling dersom du ønskjer det. Vikariatet varer fram til 01.01.2028. • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. • Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer. • Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta. • Turnusarbeid. Stillinga har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.

HeltidSista ansökan: 29 okt.

Vanliga frågor om att jobba i Lom

Hur många lediga jobb finns i Lom?

Just nu listas 3 aktiva annonser i Lom kommun.

Vilka arbetsgivare anställer mest i Lom?

Bland de största arbetsgivarna i Lom finns Vågå Kommune Økonomitenesta I Ottadalen, Ottadalen Avløysarlag Sa Avd Våga, Lom Kommune Sentraladministrasjon.