
Voss herad Driftsavdelinga · Voss
Vil du jobbe med teknologi, miljø og eit viktig samfunnsoppdrag? Voss herad søkjer ein engasjert og løysingsorientert driftsoperatør til avløpssektoren. Hos o...
Voss herad søkjer ein engasjert og løysingsorientert driftsoperatør til avløpssektoren. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift av reinseanlegget som bidreg til eit reinare vassmiljø og ei berekraftig samfunnsutvikling.
Stillinga har hovudarbeidsstad ved Voss reinseanlegg, som er dimensjonert for om lag 20 000 personekvivalentar. I tillegg har avdelinga ansvar for drift og oppfølging av sju mindre reinseanlegg rundt om i kommunen.
Som driftsoperatør vert du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med avanserte prosessar, tekniske løysingar og kontinuerleg utvikling av avløpsinfrastrukturen i kommunen.
Dei neste åra skal Voss herad gjennomføre eit av sine største VA-prosjekt – bygginga av nytt reinseanlegg i Myrkdalen. Anlegget er planlagt ferdigstilt i 2028 og skal møte framtidige krav til reinseeffekt, driftstryggleik og miljø.
Som driftsoperatør får du ei unik moglegheit til å bidra med praktisk driftserfaring og faglege innspel gjennom planleggings- og byggefasen, og seinare vere med på å forme drifta av eit nytt og moderne reinseanlegg.
Arbeidsoppgåver
Fagbrev eller relevant utdanning innan eitt eller fleire av desse fagområda:
Relevant erfaring kan kompensera for manglande formalkompetanse.
Du får moglegheit til å arbeide med samfunnskritisk infrastruktur, bidra til eit betre miljø og vere med på spennande utviklingsprosjekt.
Vil du vere med og sikre reint vatn, eit betre miljø og framtidsretta løysingar for innbyggjarane i Voss herad? Då håpar vi å høyre frå deg.
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du arbeida med ei av dei viktigaste samfunnsoppgåvene i Voss herad? Me søkjer ein engasjert og løysingsorientert VA-driftsoperatør som vil vera med å sikra trygt drikkevatn og ei berekraftig avløpshandtering for innbyggjarane våre. Om stillinga Driftsavdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, vatn- og avløpsanlegg, og består av om lag 40 tilsette. Vatn og avløp er ei samfunnskritisk teneste, og Voss herad er inne i ei spanande utvikling med fleire større prosjekt innan VA-sektoren. Som VA-driftsoperatør får du ei variert og viktig rolle i arbeidet med å sikra stabil drift og vidare utvikling av infrastrukturen vår. Arbeidsoppgåver • Drift og vedlikehald av vassforsyningssystem, inkludert: • • vassbehandlingsanlegg • pumpestasjonar • høgdebasseng • leidningsnett • Kontroll, inspeksjon og vedlikehald av avløpsanlegg • Røyrinspeksjon og tilsynsrapportering • Utskifting og etablering av nye anlegg • Andre driftsoppgåver innan avdelinga ved behov Det er etablert vaktordning innan veg, vatn og avløp. Etter opplæringsperiode må den som vert tilsett delta i ordninga. Kvalifikasjonar Me søkjer deg som har: • fagbrev som røyrleggjar, industrirøyrleggjar, innan anleggsfaget eller tilsvarande • relevant erfaring og god realkompetanse innan VA-sektoren • førarkort klasse BE • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Det er ynskjeleg med ADK1-sertifikat. Relevant erfaring kan kompensera for manglande fagbrev, men søkjar må vera villig til å ta relevant fagutdanning. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me ser etter deg som: • er positiv og løysingsorientert • samarbeider godt med andre • trivst med praktisk og variert arbeid • er sjølvstendig og ansvarsbevisst • bidreg til eit godt arbeidsmiljø Me tilbyr • god opplæring og fagleg oppfølging • gode moglegheiter for kompetanseutvikling • eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter kommunalt avtaleverk • tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Søk på stillinga via søknadsportalen. Hugs å leggja ved relevante attestar og vitnemål, samt oppgje referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verta offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du vår nye kollega og medarbeidar? Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Då kan du vere den me ser etter! Me har ledig stilling innan drift og vedlikehald og fagområde: vatn- og avløp. Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale vatn- og avløpsanlegg. Ingen dag er lik, og du får ein jobb med stor variasjon, ansvar og synlege resultat. Vedlikehald blir utført både i eigen regi og ved bruk av rammeavtalar, og du vil sjølv utføra mykje av det praktiske arbeidet, samstundes som du følgjer opp eksterne leverandørar ved behov. Stillinga er plassert i eining for drift og vedlikehald og rapporterer til einingsleiar. Eininga har drifts- og vedlikehaldsansvar for kommunale bygg, kyrkjegardar, vegar samt vatn- og avløpssystem. Stillinga er spennande, krevjande og svært variert, med eit tydeleg samfunnsnyttig formål. Stillinga inngår i vaktavtale innan områda vatn og avløp, og det er derfor ein fordel om du bur i kommunen. Arbeidsoppgåver • Drift, tilsyn og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegg. • Kontroll og overvaking av pumpestasjonar og leidningsnett. • Feilsøking og reparasjon ved driftsavvik. • Dokumentajson og rapportering i samsvar med regelverk. • Delta i større og mindre prosjekt knytte til driftsavdelinga, særleg innan områda vatn og avløp. • Samarbeide med andre fagområde i eininga for å koordinere aktivitet og styrka tryggleiken i drifta. Stillinga inngår i teknisk vaktordning på VA med pt. vakt kvar tredje veke. Vaktordning blir kompensert med 1:5 og overtid på utrykningar. Kvalifikasjonar Du må ha: • VVS/VA rørlegger. Anna relevant fag-utdanning/erfaring kan bli vurdert som aktuell. • Relevant erfaring og god praktisk forståing. • Sertifikat: klasse B • God norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg. • God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering, kvalitetsarbeid og andre oppgåver. Det er ønskeleg med: • ADK-sertifikat • AVK (arbeidsvarslingskurs) • Truckførarbevis • PE elektrosveise sertifikat Kurs og kompetanse kan tilbydast etter avtale. Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • har praktisk sans og interesse for faget. • er strukturert og fleksibel når kvardagen byr på overraskingar. • har vilje til fagleg utvikling og er god på HMT. • er sjølvstendig, løysingsorientert og likar å ta ansvar. • har gode samarbeidsevner og positive haldningar. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Kvifor skal du jobba hos oss? Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving. Normal abeidstid i drift- og vedlikehaldsavdelinga er mandag-fredag frå kl 07.15-15.00. Stillinga har fleksitid med ytre ramme mellom 07.00-20.00. For tilsette i vaktordning på VA, har ein fast tilsynsoppdrag på laurdagar den veka ein har vakt. Tilsynsoppgåva inngår i samla årstimetal. Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLPs nettsider. Du blir tilsett i fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. Informasjon til søkar Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
I Fjord kommune på Sunnmøre kjennast livet litt meir ekte, og kvardagen lettare. Her vaknar du til fjordglimt og sterke lokalsamfunn, ungar som spring trygt mellom gode nærmiljø, og ein kvardag der både skule, barnehage, natur og fritid er tett på – og lett å bruke. I Fjord kommune finner du eit rikt kulturliv og næringsliv i utvikling. Vi tilbyr ikkje bare ein jobb, men ein stad der livet rett og slett smakar betre. I Fjord er det korte avstandar, mindre stress og rom for å puste – men òg store mulegheiter, gode tenester og eit lokalsamfunn som faktisk ser deg. Les meir om alt Fjord kommune har å tilby på OPPLEVFJORD.NO Og for å gjere starten enkel, vi hjelper deg inn på ekte det første året! Gratis husleige i 6 månader, hjelp til å finne bustad, gratis abonnement på treningsenter i kommunen, årskort til Arena Overøye og Tafjordbadet for deg og familien. I kommunen vår er det i dag behov for fleire flinke folk til arbeidsoppgåver i Helse og oppvekst sektoren om du har partner som også er på jakt eetter arbeid. Vi har og god kontakt med det private næringslivet i kommunen og kan også formidle kontaktar i så måte. Her er terskelen låg, og utsikta heilt rå. Bli med heim til Andreas Ødegaard - Folk i Fjord Vi ser etter deg som har lyst til å ta styringa – ikkje berre jobbe i ein kommune, men vere med på å løfte ho. I denne rolla får du vere personen som gjer kvardagen trygg, effektiv og smart for både innbyggjarar og kollegaer. Du få sitte saman med gode kollegar på Kommunehuset i Stordal. Har du spørsmål til stillinga eller kommunen, er det bare å ta kontakt med dine potensielle nye arbeidskollegaer. Dette blir jobben din • Leie spanande prosjekt innan veg, vatn og avløp - frå idé til ferdig løysing • Planlegge og gjennomføre innkjøp som sikrar gode avtalar og kvalitet • Ha kontroll på økonomi, framdrift og kvalitet - du sørger for at alt går på skinner • Bidra fagleg i utgreiingar og prosjektgrupper - di kompetanse blir verdsatt • Skape gode prosessar med brukarmedverknad - du får folk med på laget • Kontrahere og følgje opp rådgjevarar og entreprenørar - du er bindeleddet som får ting til å skje • Saksbehandling - veg- og trafikksaker har du stålkontroll på Kvalifikasjonar • Du bør ha relevant utdanning på bachelornivå innan bygg eller anleggsfag eller tilsvarande realkompetanse, samt erfaring frå fagområdet. Førarkort minimum klasse B er eit krav. Vi tror du vil trivast her dersom du • er typen som likar når ting er på stell – og kan få det til å skje • motiverar folk, lyttar og får teamet ditt til å spele kvarandre gode • har erfaring frå drift/bygg/tekniske fag og synest utvikling er gøy • er digitalt interessert (du treng ikkje vere tech-nerd, berre open og effektiv) • trivst med ansvar, men også med ein kaffiprat i gangen. Kva kan vi tilby i Fjord kommune • Gode pensjonsordningar i KLP • Lønn etter avtale • Kommunen legg til rette for fagleg utvikling og etter-/ vidareutdanning • Huska du årskort på treningssenter, gratis husleige i 6 mnd.... • Fleksibel arbeidstid Dette er ei rolle for deg som vil bety noko – for folk, for teamet ditt, og for ein kommune som faktisk satsar. Her blir du ikkje ein liten del av eit stort system. KontaktinformasjonTrond Alstadsæter, Leiar Bygg og kommunalteknikk, +47 99711252 ArbeidsstadStordalsveien 550 6250 Stordal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord kommune Referansenr.: 5147602568 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.07.2026