
Øygarden kyrkjelege fellesråd · øygarden
Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt? Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande felles...
Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt? Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja?
Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt. Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbyggjing og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom og medarbeidarar.
Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper.
Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar.
Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist.
Kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro samarbeider om delar av ungdomsarbeidet, her vil ungdomspresten ha eit overordna ansvar. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» – eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, erfaringsdeling, lagbygging og inspirasjon.
Er du klar for å vere med på å skape eit engasjerande og trygt fellesskap der ungdom kan oppdage og leve ut si kristne tru? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vil òg kandidatar som kvalifiserer for ordninga Prest under utdanning (PPU), bli vurderte. I så fall må du leggje fram stadfesting frå studiestaden på at du har fått plass på erfaringsbasert master. Du kan ha maksimalt 120 studiepoeng att før du oppfyller krava til vigsling til presteteneste (jf. tenesteordning for prestar § 3). Det må reknast med bindingstid, normalt to år. Ta kontakt dersom du ønskjer meir informasjon.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Anna
KontaktinformasjonRannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar for barn og unge, 415 07 011
ArbeidsstadAustre Skiftedalsveg 25
5354 Straume
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5151681529
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Om stillinga Vi har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved støttesenteret for kriminalutsette i Møre og Romsdal politidistrikt. Vi søkjer etter ein engasjert rådgjevar/seniorrådgjevar som kan lose borgarar utsett for kriminalitet gjennom straffesaksprosessen. Likar du å jobbe sjølvstendig, er empatisk og har god evne til å arbeide med ulike menneske kan dette vere rette stillinga for deg. Støttesenteret for kriminalitetsutsette skal vareta og bistå dei som er blitt utsett for integritetskrenkande kriminalitet, herunder fornærma utsett for seksuelle overgrep og fornærma i vald i nære relasjonar. Tilbodet inneber psykososial støtte, oppfølging, informasjon og støtte upartisk gjennom heile straffesakskjeda. Primært er dette gjennom samtalar med fornærma og pårørande, men også i drøfting utan at det føreligg melding til politiet. Støttesenteret driv ikkje med behandling, men skal ha kunnskap om behandlingstilboda i politidistriktet. Det er eit mål å lose den utsette vidare til riktig hjelp. Sjå https://www.politiet.no/kontakt-oss/stottesenter-for-kriminalitetsutsatte/ Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig ei fast rådgjevarstilling. Arbeidsstad er Ålesund, Molde, eller Kristiansund etter nærare avtale. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å hjelpe andre menneske som av ulike årsakar er utsette for kriminalitet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evnen til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver • tilby støtte, oppfølging, informasjon og rettleiing gjennom heile straffesakskjeda til offer for integritetskrenkande kriminalitet • forhindre ytterlegare integritetstap gjennom straffesakskjeden • bidra til å styrke borgarane sin integritet for å bli betre rusta til å gjennomføre avhøyr og bli eit trygt vitne • lose voldsutsette vidare til profesjonell hjelp i både kommunalt og statleg hjelpeapparat • bidra til auka tilgjengelegheit og betre koordinering i hjelpeapparatet generelt og mellom hjelpeapparat og politi • drive fagutvikling og opplysningsverksemd om kriminalitetsoffer • vere politidistriktet sitt nasjonale kontaktpunkt for støttesenter for kriminaltetsutsette • bistå med vitnestøtte under rettssak • bistå med å søkje voldsoffererstatning • administrative oppgåver • andre oppgåver etter avtale Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • relevant høgare utdanning innan sosial og helse på minimum bachelornivå eller politihøgskule. Lang og relevant erfaring/kompetanse kan kompensere for utdanningskravet i særskilte tilfelle. • gode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk • evne til å bruke fleire digitale plattformar til loggføring og informasjonsinnhenting • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du ha relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum fem års relevant erfaring. I denne vurderinga kan relevant erfaring kompensere for kravet til mastergrad. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert. Det er også ønskjeleg med • erfaring og utdanning i arbeid med familievold, kognitiv terapi, traume, psykisk barne- og ungdomsarbeid eller liknande • fleirkulturelt arbeid • mestring av andre språk Personlege eigenskapar • sjølvstendig og trygg i rolla som rådgjevar og medmenneske • har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • løysingsorientert • handtere høge emosjonelle krav Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag der du får vere med på å forme politiet for framtida • fast stilling som seniorrådgjevar (SKO 1364) med brutto årslønn frå kr. 700 000 til kr. 775 000, eller rådgjevar (SKO 1434) med brutto årslønn frå kr. 600 000 til kr. 735 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert. • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse. • fleksibel arbeidstid • mogelegheit for trening i arbeidstida • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Verksemdsleiar PPT og logopedkontoret – fast stilling 100% Ullensvang kommune Vil du vere med å forme framtida sine tenester for barn og unge i Ullensvang? Er du ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for eit likeverdig opplæringstilbod og gode oppvekstvilkår? Har du sterk fagleg kompetanse og lyst til å stå i front for vidareutvikling av tenesta vår? Då kan dette vere stillinga for deg. PPT og logopedkontoret er inne i eit spennande og viktig utviklingsarbeid, og vi søkjer no ein ny verksemdsleiar som vil vidareføre og styrkje dette arbeidet saman med oss. Om oss PPT og logopedkontoret yter pedagogisk-psykologisk teneste til barnehagar, skular og vaksenopplæringa. Logopedtenester til både barn og vaksne i Ullensvang kommune. Kontoret arbeider med sakkunnige vurderingar, systemretta arbeid og rettleiing, med vekt på tidleg innsats og god kvalitet i tenestene. Som verksemdsleiar vil du ha ei sentral rolle som bindeledd mellom skular, barnehagar og andre samarbeidspartar. Du vil rapportere til kommunalsjef for oppvekst og utdanning. Arbeidsoppgåver • Fag-, personal- og økonomiansvar for verksemda • Stå i front for tenesta og drive utviklingsarbeidet vidare • Bidra positivt til organisasjonsutvikling i kommunen • Utøve god nærleiing og sikre eit fagmiljø prega av psykologisk tryggleik og utvikling • Vidareutvikle kvalitetssystem og rutinar, og sikre at sakshandsaming skjer i tråd med gjeldande lovverk • Fremje tverrfagleg samarbeid, mellom anna gjennom BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) Kvalifikasjonar • Relevant utdanning på masternivå innan pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller tilsvarande • Leiarerfaring, gjerne frå PP-teneste eller anna spesialpedagogisk/pedagogisk verksemd • Solid fagleg kompetanse innan PPT sitt arbeidsområde • God kjennskap til relevant lovverk, mellom anna opplæringslova, barnehagelova og forvaltningslova • Kjennskap til BTI og tverrfagleg samarbeid • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, gjerne på nynorsk Det er i tillegg ønskjeleg med: • Formell leiarutdanning (kan takast i etterkant av tilsetting) • Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid Personlege eigenskapar: Vi søkjer ein trygg og synleg leiar som evnar å engasjere og skape oppslutning om felles mål. • Relasjonell og tillitsbasert: Du har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Strategisk og heilskapstenkande: Du er målretta, strukturert og evner å sjå det store biletet. • Modig og iverksetjande: Du er løysingsfokusert, innovativ og har stor gjennomføringskraft i endringsprosessar. • Tydeleg og fleksibel: Du kommuniserer retning med autoritet, samtidig som du er lyttande og open for nye perspektiv. Personleg egnetheit vil bli sterkt vektlagt i prosessen. Vi tilbyr • Ei sentral leiarrolle med moglegheit til å forme tenesta vidare • Godt fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar • Høg grad av sjølvstende og innverknad i strategiske vegval • Løn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune? Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon. No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning. Du vil få stor påverknad på korleis vi utviklar framtidige arbeidsprosessar, digitale løysingar og standardar for FDV i ein av dei største offentlege eigedomsorganisasjonane på Vestlandet. Kvifor velje oss? Hos oss får du meir enn ein tradisjonell fagansvarleg-stilling. Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og sikre kvaliteten på informasjon som er avgjerande for drift og forvaltning av fylkeskommunen sine bygg. Du får: ✅ stor fagleg påverknad og eigarskap til ditt fagområde ✅ moglegheit til å forme framtidige standardar, prosessar og digitale løysingar ✅ eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan eigedomsdrift, prosjektgjennomføring, BIM, digitalisering og innovasjon ✅ deltaking i spennande bygge- og rehabiliteringsprosjekt Om oss Eigedom og utbygging (EIU) utøver fylkeskommunen si eigarrolle og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av omlag 800.000 kvm fylkeskommunale eigedomar og tilhøyrande eigedomstenester. Avdelinga har også ansvar for utbygging av Bybanen. Seksjon for system og utvikling arbeider med digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar og tenester i EIU. Vi har ei sentral rolle i avdelinga si satsing på digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi innan eigedomsdrift og -forvaltning, og har ansvar og driftsoppgåver innan FDV, BIM, digitalisering, prosjektstyring, HMS, kvalitet og opplæring. Arbeidsoppgåver • vere fagansvarleg og rådgjevar innan FDV og teknisk byggdokumentasjon • sikre at avdelinga har gode rutinar og system for innsamling og forvaltning av FDV-dokumentasjon • forvalte og vidareutvikle dokumentasjonsarkiv og system for FDV-innsamling • utvikle krav og standardar for teknisk dokumentasjon i bygge- og rehabiliteringsprosjekt • sikre etterleving av relevante myndigheitskrav og standardar • bidra til gode overgangar frå bygging til drift • gje opplæring og rettleiing til entreprenørar, prosjektleiarar og brukarar • bidra til utvikling av digitale arbeidsprosessar og løysingar innan teknisk dokumentasjon • følgje opp rammeavtalar innan fagområdet • rådgjevar for FDV-leveransen i bybaneprosjektet Kven ser vi etter? Du har teknisk utdanning på minimum bachelornivå, og trur du har bakgrunn innan eitt eller fleire av desse områda: • ingeniørfag • bygg og eigedomsforvaltning • dokumentstyring • informasjonsforvaltning • arkiv- og kunnskapsforvaltning Du har gjerne erfaring frå bygg-, eigedoms- eller industrirelaterte prosjekt, men vi oppmodar også kandidatar frå andre relevante fagmiljø til å søkje. Vi ser særlig etter deg som: • har god forståing for byggdokumentasjon og digitale system • har god kjennskap til standarder og myndighetskrav innan fagområdet • har erfaring god forståing for strukturering og forvaltning av informasjon • er systematisk og kvalitetsbevisst • har god system- og prosessforståelse • kan leie andre og evne til å stå i kravstillarrollen Personlege eigenskapar Du er ein som: • kjenner deg igjen i verdiane våre: open - kompetent - modig • er sjølvstendig, tek ansvar, får ting gjort og følgjer opp • er systematisk og kvalitetsbevisst • trivst med å samarbeide med ulike fagmiljø • er nysgjerrig på ny teknologi, tar initiativ til forbetring og nye måter å jobbe på • trivst med fleire prosjekt samstundes – utan å miste oversikta • kommuniserer godt og skaper tillit • har høg etisk standard Hos oss får du: • Spanande og varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø • Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse og godt humør • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor Er du nysgjerrig på stillinga? Vi veit at ingen kandidatar kan oppfylle alle ønske i ei utlysing. Dersom du kjenner deg att i delar av profilen og synest oppgåvene verkar spennande, oppmodar vi deg til å søkje eller ta kontakt for ein uforpliktande prat. Hos oss får du moglegheit til å påverke korleis teknisk informasjon blir forvalta i framtidas fylkeskommunale bygg – til nytte for både brukarar, driftspersonell og samfunnet som heilskap. KontaktinformasjonChristina Jenny Brautaset, seksjonsleiar, +47 41326604, christina.jenny.brautaset@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5156051386 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026