Øystre Slidre helsetun søkjer fleire tilkallingsvikarar som kan jobbe hjå oss på kjøkkenet i feriar og ved fråvær. Vi søkjer primært kandidatar med fagbrev, men andre med relevant erfaring kan også søkje. Arbeidsstad er på Heggenes. Lokala på helsetunet er nye og moderne, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på helsetunet. Som kokk er du med og bidreg til at dei som treng det får eit godt tenestetilbod. Kandidatar blir vurdert og kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver • Tilbereding av mat til bebuarar på helsetunet, og til heimebuande med vedtak om matombringing • Tilbereding av mat til kantine for tilsette • Andre oppgåver som høyrer til kjøkkendrifta Kvalifikasjonar • Det er ynskjeleg med fagbrev som institusjonskokk/ernæringskokk eller kokk. Personar utan fagbrev, men med relevant erfaring og interesse for faget, kan også søkje • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig på kjøkkenet, m.a. på helg Personlege eigenskapar • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vera løysningsorientert • Vera fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner Vi tilbyr • Nødvendig opplæring og veiledning • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar KontaktinformasjonAnne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5194028420 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 15.11.2026
Lidar barneskule har om lag 100 elevar frå 1.-7. trinn. Det er sju klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring. Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper. Lidar skule har ledig vikariat som fagarbeidar 50% stilling frå no og ut skuleåret. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar. Merk i søknaden om du ynskjer vikariat eller tilkalling. Arbeidsoppgåver • Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt • Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette • Arbeid på SFO er ein del av stillinga Kvalifikasjonar • Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge • Du ynskjer å bidra til at barn og unge opplever ein meiningsfull kvardag ved å sjå kvart enkelt born, og du har interesse for sosialt sampel og læring • Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11 Personlege eigenskapar • Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane • Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar • Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt Vi tilbyr • Ein spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø • Løn etter tariff • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår • Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen KontaktinformasjonSissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5185668698 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.