Vi har ledig to ferievikariat i 75 % stilling som anestesisjukepleiar i perioda 04.01.2027–31.12.2027. Vikariata er knytte til ferieavvikling, sjukefråvær og ulike prosjekt i seksjonen. Stillingane vil vere tilknytte både Hovudoperasjon og Dagkirurgen. Seksjonen har eit breitt fagleg spekter innan urologi, gastroenterologi, endokrin kirurgi, kar- og thoraxkirurgi, øyre-nase-hals, kjevekirurgi, ortopedi og gynekologi. Vi er ikkje seksjonerte, noko som gir varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi deltek i stans-, traume-, MET- og barneteam, og leverer anestesitenester ved mellom anna ECT, gastroseksjonen og MR. Samstundes er vi i gang med planlegginga av ei heilt ny operasjonsavdeling ved Klinikk Ålesund, noko som gir spennande moglegheiter for utvikling og medverknad. For å sikre effektiv drift og høg fagleg kvalitet bemannar vi operasjonsstuene med 1,5 anestesisjukepleiar per operasjonsstove. Vikariata er dagstillingar med fri alle helgar og heilagdagar. Det kan vere aktuelt å kombinere stillinga med helgestilling i andre seksjonar for å auke stillingsprosenten. Arbeidsoppgåver • Anestesi til pasientar ved Sentraloperasjon og Dagkirurgisk avdeling Ålesund • Tett samarbeid med ulike profesjonar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i anestesisjukepleie Personlege eigenskapar • Du viser fagleg interesse og nytenking • Du er strukturert og tek initiativ til eiga utvikling og kompetanseheving i samarbeid med leiinga • Du er fleksibel, sjølvstendig og samarbeidsvilleg • Du har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø • Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Godt arbeidsmiljø og sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår • God oppfølging av nytilsette med fadderordning Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Arild Solbakken Hevrøy, Seksjonsleiar, +47 70105474, Arild.Solbakken.Hevroy@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5201254758 Stillingsprosent: 75% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 18.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.