Om stillinga Avdelinga institusjonstenester i Aurland kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 18. januar 2027. Vi søkjer no ein engasjert og tydeleg leiar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle tenestene våre. Vi ser etter deg som er utviklingsorientert, tek initiativ og trivst med ansvar og nye utfordringar. Stillinga er direkte underlagt kommunalleiar for helse og omsorg. Som avdelingsleiar vil du vere ein del av leiargruppa og bidra aktivt i utviklingsarbeid, omstilling og strategiske prosessar for å sikre heilskaplege og framtidsretta tenester. Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for fag, personal, økonomi og drift i eiga avdeling. Det er 24 institusjonsplassar som er samla ved Aurland helsetun og omfattar langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling. Institusjonskjøkkenet produserer mat til både bebuarar ved helsetunet og heimebuande brukarar, og har eigen fagleiar. Aurland kommune har som mål at innbyggjarane skal kunne leve aktive og sjølvstendige liv, og ta medansvar for eiga helse. Helse- og omsorgstenestene skal vere heilskaplege, samordna og prega av førebygging, helsefremjing og høg kvalitet. Utvikling og endring Ved institusjontenester er det tilsette med god kompetanse med pasienten i fokus. Avdelinga er inne i ei spanande utvikling med fleire viktige endringar dei komande åra. Vi nyttar journalsystemet Profil i dag, som etter planen skal bytast ut med eit nytt system i 2027. Det komande året skal vi også ta i bruk digital vaktbok og kalenderplan. Det er vidare ein pågåande prosess med å etablere fagansvarleg i alle avdelingar. Som avdelingsleiar vil du samarbeide tett med fagansvarleg for å styrkje fagutvikling, kvalitet og gode tenester til brukarane. Du vil ha ei sentral rolle i å leie og følgje opp endringsarbeidet i avdelinga. Arbeids- og ansvarsområde • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine mål, strategiar og vedtekne føringar. • Planleggje, leie og koordinere den daglege drifta av avdelinga. • Sikre fagleg forsvarlege tenester og arbeide systematisk med fag- og kvalitetsutvikling. • Følgje opp avvik, forbetringsarbeid og internkontroll, samt sørgje for at nødvendige tiltak blir sette i verk. • Skape ein kultur prega av læring, samarbeid, medverknad og kontinuerleg forbetring. • Samarbeide på tvers av avdelingar og tenester for å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod. • Ha ansvar for turnus- og bemanningsplanlegging, med fokus på ressursar og kvalitet i tenestene. • Personalleiing, inkludert rekruttering, oppfølging og utvikling av medarbeidarar. • Ha ansvar for at avdelinga blir driven innanfor vedtekne budsjett- og økonomiske rammer. • Bidra til eit godt samarbeid med bebuarar, pårørande og relevante samarbeidspartnarar. • Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast. Me tilbyr • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter avtale etter Hovedtariffavtalen kap 4. 7451 avdelingsleiar • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning) • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka: https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune Kvalifikasjonar • Minimum bachelorutdanning, fortrinnsvis innan sjukepleie eller vernepleie. • Det er ynskjeleg at du har motivasjon for fagleg utvikling og vidareutdanning innan leiing. • Leiarerfaring frå kommune- eller spesialisthelsetenesta er å føretrekke. • Erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid er ynskjeleg. • God forståing for strategisk planlegging, økonomistyring og administrasjon. • Kjennskap til turnus- og bemanningsplanlegging er ein fordel. • God kunnskap om relevant lovverk innan helse- og omsorgstenester og offentleg forvaltning. • Erfaring med økonomistyring og budsjettoppfølging. • God gjennomføringsevne og evne til å finne løysingar, også i krevjande situasjonar. • God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye digitale løysingar. Personlege eigenskapar Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du: • Er tydeleg og trygg i kommunikasjonen din. • Er handlekraftig, tek avgjerder og evnar å prioritere i ein travel kvardag. • Handterer endringar på ein god måte og har god rolleforståing. • Tek initiativ, arbeider målretta og systematisk, og følgjer opp resultat. • Er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner på tvers av fagområde og tenester. • Har evne til å skape engasjement, fremje utvikling og byggje ein kultur for kontinuerleg forbetring. • Er relasjonsbyggjande og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. • Du motiverer medarbeidarar og legg til rette for læring, medverknad og fagleg utvikling. Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. • Det er viktig at alle søkjarar legg ved vitnemål, tenesteattestar og annan relevant dokumentasjon. Krav til språk Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som rådgjevar frå snarast. Vi søker ein engasjert og sjølvstendig rådgjevar i kommunalområde helse og omsorg. Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein rådgjevar som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde. Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg. Arbeids- og ansvarsområde • Rekruttering, løns- og personalarbeid • Oppdragsavtalar • Oppfølging av ledige vakter • Varebestilling og mottak • Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, samt rettleiing • Planlegge og gjennomføre førebyggande rettleiing og arrangement • Støtte leiarar i kvalitet- og internkontrollsystem • Vere strategisk rådgjevar som inneber å vere sakshandsamar og leiarstøtte i politiske sakar og i plan og utgreiingsarbeid • Prosjektleiing og fasilitering av forbetringsprosessar, og bidra til tenesteutvikling • Fremje smart bruk av digitalisering og teknologi i tenesteutviklinga • Informasjonsarbeid • Systemansvarleg i turnusprogram og bidra til effektiv ressursstyring • Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast Me tilbyr • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter avtale • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning) • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka: https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune Kvalifikasjonar • Relevant mastergrad innan HR, organisasjonsfag eller administrative fag. Anna relevant høgare utdanning kombinert med relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande mastergrad • Det er ønskeleg at du er motivert for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning • Erfaring med forbetringsarbeid, tjenesteutvikling eller kvalitetsarbeid • Har kunnskap om reglement og lovverket på området • Kunnskap om arbeidsrett, arbeidsmiljølova og tariffavtalar og personaladministrative oppgåver • Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming er ei føremon • God digital kompetanse med evne til å nytte digitale verktøy, mellom anna Teams, Excel og ulike fagsystem Personlege eigenskapar Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du: • Er strukturert med god gjennomføringsevne og analytisk tilnærming • Er god problemløysar som jobbar godt under press • Er trygg i fasilitatorrolla og trivst med å leie prosessar og arbeidsmøter • Er god på å bygge relasjonar og samarbeid • Er utviklingsorientert og nysgjerrig på forbetringsmoglegheiter • Håndterer komplekse problemstillinger profesjonelt og sjølvstendig Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale • det er viktig at søkarane legg ved vitnemål, tenesteattestar og anna relevant dokumentasjon Krav til språk Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om stillinga Vil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø! Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg! Om oss: Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar. Vi ser etter deg som: • Er omsorgsfull og tolmodig • Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar • Kan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg med langvakter og døgnvakter • Er open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid Arbeid og ansvarsområde Avdelinga yter tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og til personar med rus- og eller psykiske lidingar. Me gir tenester i omsorgsbustader med heildøgns bemanning, praktisk bistand i heimen til brukarane, eller som brukarstyrt assistanseordningar (BPA i brukar sin heim). Tenestemottakarane har av ulik grad av behov for bistand i kvardagen. Me jobbar for å legge til rette for at brukaren er delaktig i eige liv i tillegg til å skape ein meiningsfull kvardag for den enkelte. Arbeidsoppgåver er mellom anna: • støtte bebuar til ein aktiv og sosial kvardag • hjelpe til med daglege gjeremål • legge tilrette for ein god og meiningsfull kvardag. Me tilbyr • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter tariff • personleg assistent blir løna etter relevant utdanning • startløn etter 6 års ansiennitet for søkarar med fagbrev / høgskuleutdanning • ekstra laurdags- og søndagstillegg med kr 10 over tariff Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar • Fagbrev som helsefagarbeidar eller anna helsefagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. • Du kan søke sjølv om du ikkje har relevant erfaring eller fagbrev, det viktigaste er at du har lyst til å jobbe med menneske og er eigna for oppgåvene. • Du er ein trygg og positiv person som samarbeider godt med andre, og som bidreg til trivsel og tryggleik for brukarar og kollegaer. Personlege eigenskapar Me vil legge vekt på desse personlege eigenskapane: • imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar • trygg på deg sjølv, ansvarsfull og tolmodig • fleksibel og løysningsorientert Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato Det ynskjeleg med førarkort klasse B. Krav til språk Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Generell informasjon om søknadsprosessen Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om stillinga Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar fysioterapi frå 01.03.26. Vil du vere med å utvikle fagfeltet, få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag og ha ei sentral rolle i tenesta? Då oppmodar vi deg til å søke. Som fagleiar har du ansvar for å leie og samordne det faglege arbeidet i fysioterapitenesta, og for å sikre at tenestene held høg kvalitet. Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda. Hjå oss er det er også eit tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst. Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule. Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av. Arbeids- og ansvarsområde • Utøve allmenn fysioterapi, i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar • Koordinering og tverrfagleg samarbeid • Rettleiing av pasient, samarbeidspartnarar og pårørande • Dokumentasjon og elektronisk samhandling • Handsaming av søknadar, tilvisingar og iverksetjing av tenester • Koordinering av det faglege arbeidet i fysioterapiavdelinga , og sikre at tenesteytinga er av god fagleg kvalitet. • Sikre at turnusfysioterapeut får rettleiing i tråd med krav, og vere kontaktperson ovanfor utdanningsinstitusjonar og Statsforvaltaren i samband med dette. • Ansvar for at Helfo oppgjer vert gjort i tråd med prosedyre, og for utarbeiding av fakturagrunnlag eigendelar for fysioterapi. • Bistå i rapportering og søknad om tilskot innan fagområdet. • Ansvar for å utarbeide og oppdatere rutinar og prosedyrar for fysioterapeut i kommunen sitt kvalitetssystem. Me tilbyr • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter avtale • fleksitidsordning • tenestebil • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen • gratis inngang til symjehallen • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære • barnehageplass i Aurland barnehage, med atterhald om ledig plass. Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar • Bachelor i fysioterapi med norsk autorisasjon • Det er ynskjeleg med vidareutdanning, eller interesse for å ta vidareutdanning innan fagfelt som: - geriatri - rehabilitering - barn og unge - psykomotorisk fysioterapi - lymfødem- og lipødembehandling • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg • Personlege eigenskapar vert vektlagt Personlege eigenskapar Me vil at du: • Er serviceinnstilt • Er fagleg dyktig • Arbeider sjølvstendig • Har god arbeidskapasitet • Samarbeider godt med andre, og i team • Har behova til brukaren i fokus • Er ansvarsbevist, strukturert og lojal Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. • politiattest av nyare dato må leverast når du byrjar i stillinga Krav til språk Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.