Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar? Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og vidareutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar. Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund. Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund. Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Kva går jobben ut på? • Rådgiving/undervisning/internrevisjon. • Smittesporing og utbrothandtering. • Infeksjonsovervaking (innhenting, registrering og analysering av data). • Oppdatere prosedyrar i infeksjonskontrollprogrammet. • Forbetringsarbeid og kampanjar . Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: • norsk autorisasjon som sjukepleier • god digital kompetanse • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ønskeleg at du har: • videreutdanning/master innan smittevern eller annan relevant utdanning som f.eks folkehelse. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning. • klinisk erfaring frå somatisk spesialisthelseteneste • undervisningserfaring Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • har gode evner i kommunikasjon og samarbeid • arbeider godt både sjølvstendig og i team • har god evne til å motivere andre og knytte kontakter • er fleksibel og løysningsorientert • viser engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din Personlege eigenskapar blir vektlagd. Vi tilbyr • Engasjerte kollegaer som samarbeider tett. • Eit spennande og dynamisk arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte medarbeidarar. • Faglege utfordringar. • Moglegheit for deltaking på kurs innan fagfeltet. • Dagtid med mogelegheit for fleksitid etter avtale. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Kirsti Hermstad, Funksjonsleiar, +47 97578088 Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5201250082 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.