Hoppa till huvudinnehållet
Avdeling for smittevern logo

Smittevernsjukepleiar

Avdeling for smittevern
  • OrtHaugesund
  • Omfattning–
  • Sista ansökan16 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar?

Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og vidareutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar.

Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund. Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund.

Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Kva går jobben ut på?

  • Rådgiving/undervisning/internrevisjon.
  • Smittesporing og utbrothandtering.
  • Infeksjonsovervaking (innhenting, registrering og analysering av data).
  • Oppdatere prosedyrar i infeksjonskontrollprogrammet.
  • Forbetringsarbeid og kampanjar .

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som sjukepleier
  • god digital kompetanse
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Det er ønskeleg at du har:

  • videreutdanning/master innan smittevern eller annan relevant utdanning som f.eks folkehelse. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
  • klinisk erfaring frå somatisk spesialisthelseteneste
  • undervisningserfaring

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode evner i kommunikasjon og samarbeid
  • arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • har god evne til å motivere andre og knytte kontakter
  • er fleksibel og løysningsorientert
  • viser engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Vi tilbyr

  • Engasjerte kollegaer som samarbeider tett.
  • Eit spennande og dynamisk arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte medarbeidarar.
  • Faglege utfordringar.
  • Moglegheit for deltaking på kurs innan fagfeltet.
  • Dagtid med mogelegheit for fleksitid etter avtale.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kirsti Hermstad, Funksjonsleiar, +47 97578088

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5201250082

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 23 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Avdeling for smittevern

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Haugesund och dölj konkurrerande annonser på sidan.