Vi har ledig eit 90 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.11.2026 til 30.06.2027. Vi søker ein engasjert, varm og tydeleg vaksen som trivest med ein variert skulekvardag. Stillinga er knyta til 7. trinn, kor du vil jobbe tett på enkeltelevar både fagleg og sosialt, i mindre gruppe og i klasse. I tillegg innebærer stillinga arbeid på SFO der du er med på å leggje til rette for god leik, trivsel og kjekke aktivitetar før og etter skuletid, samt noko i skuleferiar. Vi søker deg som er: • trygg, varm og tydeleg med eit stort hjarta for barn • robust, fleksibel og trivest i ein til dels uforutsigbar kvardag • god til å bygge relasjonar, og skaper tillit både hos store og små • god på samarbeid, og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Kvalifikasjonar • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar • anna relevant utdanning kan verte vurdert • erfaring med oppfølging av barn som krev tett vaksenstøtte • gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, gif, jpeg, jpg eller png, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding. Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her
Bø skule søkjer etter flinke og engasjerte tilkallingsvikarar som vil jobbe hos oss. Om du er interessert i ein meiningsfull ekstrajobb, og har lyst til å bli kjend med trivelege barn og unge, og kollegaer, send oss ein søknad i dag. Vi tek kontakt fortløpande med aktuelle søkarar etterkvart som behovet oppstår. Arbeidsoppgåver • Ha ansvar for ei klasse eller enkeltelevar • Ha ansvar for elevar på SFO og i friminutt • Ha ansvar for elevar som treng ekstra tilrettelegging Kvalifikasjonar Ønska kompetanse • Lærarutdanning er ønskjeleg, men vi søker også lærarstudentar og barne- og ungdomsarbeidar/assistentar • Erfaring med barn og ungdom er ønskjeleg Særskilde krav • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar • God på relasjonsbygging • Tydeleg på leiing i klasserommet • Evner til å skape eit godt læringsmiljø • Gode pedagogiske kunnskapar • Fleksibel og med gode samarbeidsevner Vi tilbyr • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk • Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonRuth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024 ArbeidsstadGamleveg 71 3802 Bø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5146778121 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.