Tilrettelagde tenester, for tida ved avdeling Søfteland bufellesskap, har ledig • 100 % fast stilling i turnus f.t arbeidshelg kvar 4. helg Arbeidsstad Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca. 10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi søkjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass. Arbeidsoppgåver • Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging • Sikra bistand i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, inkludert følgje til dagsenter. • Administrering av medisinar • Bidra til ei trygg og føreseieleg ramme for kvar tenestemottakar gjennom støtte, omsorg og struktur • Samarbeid med pårørande, legar, fastlege, spesialisthelsetenesta m.m., samt delta i samarbeidsmøter • Observasjon og dokumentasjon i EPJ • Utføre målretta miljøarbeid og oppfølging av tiltak • Ha primær- eller sekundær kontaktansvar "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar • Helsefagarbeidar m/autorisajon, men andre med kjennskap til brukargruppa eller er under helsefagleg utdanning, vil og bli vurderte. • Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med åtferdsarbeid, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk • Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde • Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. • Bilsertifikat klasse B er ønskjeleg men ikkje eit krav. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Eigenskaper «Kven er du?» Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk. Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utanfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til? Korfor velgje oss? Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Vestre Lurane bufellesskap, har ledig 100% fast stilling i turnus. Arbeidsstad Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter. Vestre Lurane er eit bufellesskap med 9 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov. I tillegg har bufellesskapet ansvar for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar. Avdelinga ligg nokre få minutt i frå Os sentrum. Arbeidsoppgåver Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. • Sikre tenester i tråd med bebuaranes behov og ønsker • Dagleg bistand, veileiing og tilrettelegging i forhold til ADL • Være bidragsytar i forhold til kunnskap om Hol. kap. 9 • Legemiddel handtering, delta i eininga si ressursgruppe • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartner • Primærkontakt-ansvar • Praktiske gjeremål i bustad • Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar. • Primærkontaktansvar. Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med ansvar • Erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med nedsett funksjonsevne og utfordrande åtferd, vil bli vektlagt. • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. • Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. • Gode samarbeidsevner • Gode og tydelege kommunikasjonsferdigheiter • Engasjement og gode samarbeidsevner • Løysingsorientert tilnærming • Kunna arbeida sjølvstendig og i team Eigenskap «Kven er du?» Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk. Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utanfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til? Korfor velgje oss? Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Tilrettelagt tenester - arbeidsstad Os har ledige helgestillingar frå snarast Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap, 2 dagsenter og avlastning (avlastningssenter på Varafjell og avlastning i heim) Nokre jobbar handlar om rutinar. Andre handlar om mennesket. Hos oss får du moglegheit til å vera ein som skapar gode augneblikk, opplever meistring, tryggheit og glede i kvardagen. Ingen dagar er heilt like, og nettopp det gjer jobben spennande og meiningsfull. Vi ser etter deg som ønskjer å bruka kunnskapen din til meir enn pleie og omsorg. Du som ser ressursane i kvar enkelt menneske, som byggjer relasjonar og som ønskjer å bidra til at våre bebuarar får leva aktive, sjølvstendig og innhaldsrike liv. Hos oss vil du:: • Skapa gode opplevingar og meiningsfulle aktivitetar • Bidra til tryggleik, meistring og livskvalitet • Vera ein viktig støttespelar i bebuarens dag • Samarbeida med engasjerte og dyktige kollegaer • Få brukt både hjartet og kunnskapen din Stillingane er i turnus i varierande stillingsstorleik (13 - 30%) med variable vaktlengder, enten kvar 2,3, eller 4. helg. Spesifiser i søknad kva vaktordning du ønskjer. Tenesta for vaksne - Bolig Moberg bufellesskap - Idrettsvegen bufellesskap - Bjørnefjorden bufellesskap - Kuhnletunet bustader - Søfteland bufellesskap - Vestre Lurane bufellesskap Tenesta for barn og unge - Varafjell avlastningssenter - Os avlastning Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Arbeidsoppgåver Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. Personlege eigenskapar: Vi ser etter deg som trivst i arbeid tett på menneske, og som bidreg til å skapa tryggleik, meistring og gode dagar for bebuarane. Søkjarar over 18 år vil bli prioritert. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjev merksam på at du må leggja fram politiattest Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnefjorden kommune tillegg i grunnlønn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning. • Studentar som blir tilsett i minimum 13% fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000,-. • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden snarast Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.