Bryne skule er ein tradisjonsrik sentrumsskule midt i Bryne, med om lag 400 elevar. Me har dei siste åra hatt ei tydeleg satsing på inkludering og mangfald, og arbeider kontinuerleg med å utvikla eit godt læringsmiljø for alle elevar. Dette skuleåret står systematisk fagleg utvikling og rask språkleg støtte sentralt i utviklingsarbeidet vårt. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt kollegium med godt humør, engasjement og høgt under taket. Velkommen til Bryne skule! Arbeidsoppgåver Undervisning og fagleg oppfølging i klasse og med enkeltelevar/elevgrupper. Du vil arbeida i tett samarbeid med andre kolleger og må ha gode samarbeidsevner. Kvalifikasjonar Godkjent lærarutdanning for 1.-7.trinn, med særleg vekt på godkjent undervisningskompetanse i basisfaga norsk, matte og engelsk. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Me tilbyr • Gode pensjonsordningar • Løn etter tariff • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. Kontaktinformasjon Jone Siqveland, rektor, 952 69 604, jone.siqveland@time.kommune.no Arbeidsstad Ola Barkveds veg 16 4340 Bryne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5201804869 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 08.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.