Hoppa till huvudinnehållet
Bryne skule, Time kommune logo

Lærar Bryne skule - 100% vikariat

Bryne skule, Time kommune
  • OrtTime
  • Omfattning–
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad29 okt.

Om tjänsten

Bryne skule er ein tradisjonsrik sentrumsskule midt i Bryne, med om lag 400 elevar. Me har dei siste åra hatt ei tydeleg satsing på inkludering og mangfald, og arbeider kontinuerleg med å utvikla eit godt læringsmiljø for alle elevar.

Dette skuleåret står systematisk fagleg utvikling og rask språkleg støtte sentralt i utviklingsarbeidet vårt.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt kollegium med godt humør, engasjement og høgt under taket.

Velkommen til Bryne skule!

Arbeidsoppgåver

Undervisning og fagleg oppfølging i klasse og med enkeltelevar/elevgrupper. Du vil arbeida i tett samarbeid med andre kolleger og må ha gode samarbeidsevner.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning for 1.-7.trinn, med særleg vekt på godkjent undervisningskompetanse i basisfaga norsk, matte og engelsk.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Jone Siqveland, rektor, 952 69 604, jone.siqveland@time.kommune.no

Arbeidsstad

Ola Barkveds veg 16

4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5201804869

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 08.11.2026

Restid & pendling