Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har ei spennande stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri. Vi søkjer etter einengasjert og dyktig sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit. Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen. Det er åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har vi implementert personsentrert omsorg i avdelingane. Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå no og til 13.09.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Fast stilling kan bli mogleg. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Du har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar: • hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål • legemiddelhandtering • sjukepleiar-/vernepleiarfaglege oppgåver • dokumentasjon • tverrfagleg samarbeid • rettleie studentar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte Vi tilbyr • Varierte og lærerike arbeidskvardagar • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø • Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • Stilling organisert i årsturnus For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat. KontaktinformasjonMarion Bolstad Fløtre, Konstituert avdelingsleiar, +47 94989709 Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5189641129 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 13.09.2027 Søknadsfrist: 25.10.2026
Vi har ledig ei fast stilling, 100 % for sjukepleiar eller vernepleiar i turnus, på avd. Oreteigen😊 Vaktene er fordelt på dag, kveld og ca. 3. kvar helg. Det er også mogleg med 80 % stilling dersom det er ynskje om det. Oreteigen er ei bueining for eldre med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning, Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp og det set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt. Våre verdier er: Respekt, kunnskap og Omsorg Arbeidsoppgåver • Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane. • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse. • Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar • Samarbeid med pårørande Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Beherske norsk skriftleg og muntleg. Krav om språkferdigheiter på B2-nivå. • Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen Personlege eigenskapar • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel • Ser sjukepleiar-/vernepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i avdelinga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane. • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert • Trives med endringar og nytenking • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag Vi tilbyr • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande. • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For nytilsetting i kommunen er det innført eit rekrutteringsstillegg for turnusstillingar. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding KontaktinformasjonEva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527 Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5181957502 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.