Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal? • Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke? • Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? • Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? • Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit? Vi har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Volda eller distriktstannklinikken Ørsta. Tenestestad blir fastsett av overtannlege etter dialog med aktuelle søkarar. Arbeidsoppgåver • Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper. • Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientar i alle aldersgrupper. • Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern. • Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. • Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær. • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg. • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • kjenner stoltheit for tannhelsefaget • trivst med å jobbe med og for mennesker. • Jobbar effektivt og sjølvstendig. • har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert. • ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø. Vi tilbyr • Ein god jobb der du kan utvikle deg • Lønn etter tariffavtale • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse • Trivelege medarbeidarar og godt miljø • Introduksjonsprogram • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest Kontaktinformasjon Hege Myklebust, Overtannlege Søre Sunnmøre kompetanseregion , 90869869 Arbeidsstad Røysbakken 3 6100 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5197880203 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.