Tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Volda eller Ørsta
Distriktstannklinikken Volda eller Ørsta, Møre og Romsdal fylkeskommuneOm tjänsten
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
- Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
- Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
- Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Volda eller distriktstannklinikken Ørsta.
Tenestestad blir fastsett av overtannlege etter dialog med aktuelle søkarar.
Arbeidsoppgåver
- Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.
- Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientar i alle aldersgrupper.
- Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern.
- Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
- Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- kjenner stoltheit for tannhelsefaget
- trivst med å jobbe med og for mennesker.
- Jobbar effektivt og sjølvstendig.
- har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter tariffavtale
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Hege Myklebust, Overtannlege Søre Sunnmøre kompetanseregion , 90869869
Arbeidsstad
Røysbakken 3
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5197880203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026
Restid & pendling
Spara jobb & deadline-påminnelse
Sista ansökningsdag: 20 nov.Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger
När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Volda och dölj konkurrerande annonser på sidan.