Gol Kommune treng fleire fritidskontaktar til å arbeide med barn, ungdom og vaksne med forskjellige bistandsbehov. Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld eller i helger. Timetalet kan variere frå cirka 2 timar i veka og oppover. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand til, kan avtale tid og stad for aktivitetar. Kvalifikasjonar: • Det er eit krav at du skal vere over 16 år og villig til å forplikte deg over tid • Gode norskkunnskapar • Det er ein fordel om du har sertifikat, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar: • Du ønsker å vere med på å gjere ein forskjell i andre sitt liv • Du er nøyaktig og pliktoppfyllande • Du er ansvarsfull og sjølvstendig Det vert vektlagt at du er personleg skikka til å vera støttekontakt. Tildeling av oppdrag skjer fortløpande etter kvart som vi får søknadar frå aktuelle støttekontaktar som kan passe til dei som treng bistand. For oppdraget gjeld: • Godjøring etter gjeldande satsar for støttekontakter • Køyregodtgjering • Utgiftsdekking Anna: • Gyldig politiattest må leggjast fram • I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden Send søknad: • Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet. Eininga har mange spennande utfordringar innafor fleire fagfelt. Det vil bli gitt opplæring og rettleiing. Vi søkjer: • Personar som ønsker å arbeide som vikar etter tilkalling og som vikar i feriar og høgtider. Kvalifikasjonar: • Alle tilsette må kunne bruke digitale verktøy som mobil og data. • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne. • Ønskelig med førerkort kl. B. • Personlig egnethet vil bli vektlagt. Anna: • Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar. • Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. Lønnsansiennitet fastsettas etter Hovedtariffavtalen. • I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. • Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga. • Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.