Om stillinga Gulen kommune søkjer ein engasjert og tydeleg einingsleiar til eit 100% vikariat i eininga plan, landbruk og teknisk (PLT) frå 01.02.2027 til om lag midten av november 2027. Kan verte mogleg med noko forlenging av vikariatet. Som einingsleiar ved PLT får du ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i kommunen. Du leier ei fagleg breitt samansett eining og bidreg både i det langsiktige planarbeidet og i arbeidet med å leggje til rette for berekraftig utvikling, aktivitet og verdiskaping i kommunen. Gulen er ein kommune i utvikling, med eit ambisiøst næringsliv, lang kystlinje og rik og mangfaldig natur. Stillinga gir ei god moglegheit til å påverke utviklinga i kommunen i tett samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og fagmiljø. Du blir ein del av kommunen sitt samla leiarforum og samarbeider tett med eining for eigedomsforvaltning og avdeling for innbyggjarservice. Eininga har ansvar for byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og landbruk, viltforvaltning, miljø, klima og forureining. I dag har eininga ti tilsette. Organisering og oppgåver kan endre seg i takt med behova i kommunen. Vi ønskjer å byggje ei eining med brei kompetanse, godt samarbeid og god forståing for heilskapen i samfunnsutviklinga. Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, trivst med å leie kompetente og motiverte medarbeidarar, og som handterer varierte oppgåver på tvers av fagområde. Me tilbyr • Ein spanande og variert arbeidskvardag med viktige oppgåver for kommunen • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer • Gode høve til fagleg og personleg utvikling, eigne initiativ og påverknad på eigen arbeidskvardag • Eit arbeidsmiljø med god digital kompetanse og fokus på utvikling av digitale løysingar • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Fleksitidsordning og høve til noko heimekontor når arbeidsoppgåvene opnar for det • Løn etter avtale • Orientering i bustadmarknaden ved behov Arbeidsoppgåver og ansvar Som einingsleiar har du det overordna faglege, personalmessige og økonomiske ansvaret for eininga. I vikariatet skal du sikre god drift, framdrift og kontinuitet i arbeidet, i tett samarbeid med medarbeidarane og resten av kommuneorganisasjonen. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: • fagleg leiing og utvikling av eininga • personal- og økonomiansvar • saksførebuing og oppfølging av saker til politisk behandling • å leie og delta i prosessar knytte til overordna planar, strategiar og utviklingsarbeid • dialog og samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og andre offentlege instansar • å bidra i digitalisering og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester • andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga Vi ser etter deg som er motivert av å bidra til vidare utvikling av Gulen kommune. Du må kunne setje deg raskt inn i eit breitt ansvarsområde, skape god framdrift i sakene og sikre ei føreseieleg leiing av eininga gjennom vikariatperioden. Digitalisering er ei viktig satsing i kommunen, og du vil ha ei aktiv rolle i dette arbeidet. Kvalifikasjonar • Relevant høgare utdanning innan fagområde som bygg og miljø, arkitektur, juss, arealplanlegging eller tilsvarande. Relevant og lang erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for delar av utdanningskravet • Leiarerfaring frå eitt eller fleire av fagområda i eininga er ønskjeleg • God digital kompetanse og evne til raskt å setje deg inn i og ta i bruk nye digitale system • Kjennskap til plan- og bygningslova og anna relevant lovverk er ønskjeleg • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på norsk • God forståing for offentleg forvaltning, sakshandsaming og politiske prosessar Personlege eigenskapar • God rolleforståing og evne til å utøve tydeleg, trygg og fagleg forankra leiing • Engasjement for samfunnsutvikling og motivasjon for å bidra til vidare utvikling av kommunen • Strukturert og systematisk arbeidsform, med evne til å sikre god kvalitet og framdrift • Løysingsorientert, fleksibel og serviceinnstilt • Gode samarbeidsevner og evne til å byggje tillit og spele andre gode • Evne til å arbeide sjølvstendig og samstundes bidra aktivt i eit leiar- og fagfellesskap • Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjing Anna • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar • Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Om stillingane Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig: • I inntil 50% vikariat som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet. • I inntil 33% fast stilling som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter. Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre. Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Me tilbyr • Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling Arbeidsoppgåver • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane • Andre oppgåver som måtte kome til I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg Kvalifikasjonskrav • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest ved tilsetjing • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk) Personlege eigenskapar • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om stillinga Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Gulen kommune har ledig 100% stilling som helsefagarbeidar, for tida ved sone Eivindvik – Gulen sjukeheim. Oppstart snarast eller etter nærare avtale. Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, med høve til å bruke fagkompetansen din tett på bebuarar, pasientar og kollegaer. Hjå oss vert du ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø med viktige oppgåver innan pleie og omsorg. Vi har følgjande stilling ledig: • Helsefagarbeidar, 100% fast stilling. Turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter), eller kvar 3. helg (ordinære vakter) Me tilbyr • Bonusordning på 50 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i denne stillinga. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt • For tida løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus og ekstra helgekompensasjon ved gjennomført vakt • Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsoppgåver • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane • Andre oppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonskrav • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling. • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest ved tilsetjing • Nagativ MRSA/TBC før oppstart i stilling • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk) Personlege eigenskapar • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.