Gullbring kulturhus i Bø er den kulturelle storstova i Midt-Telemark kommune og eit hus for folkehelse; ein sosial møteplass og arena for kunst- og kulturlivet, idretten, frivilligheita, skule, helse og utdanning. Vår kulturhusleiar begynner i ny jobb, - difor lyser vi ut stillinga. Midt-Telemark kommunale eigedom AS eig huset og har ansvar for teknisk drift, reinhald og vedlikehald, medan Midt-Telemark kommune leiger heile kultur- og idrettsbygget med uteområde. Kommunen har organisert drifta av kulturhuset som ei avdeling i eining for kultur og fritid. Kulturhusleiar/avdelingsleiar rapporterer til kultursjef/einingsleiar, - og deltar i leiarteamet ved sidan av rektor for kulturskolen og bibliotekleiar. Kulturhuset driv kafé/kiosk, idrettshall, svømmehall/folkebad, kino og arrangement. I tillegg leiger kulturhuset ut lokale til kulturskulen, andre kommunale tenester, frivillige lag og eksterne aktørar. Universitetet i Søraust-Noreg er den største leigetakaren. I 2028 opnar kommunen nytt folkebibliotek i kulturhuset. Kulturhusleiar sitt team som består av fagansvarlege for kino, kafé, folkebad og idrett, arrangementsteknikar og vaktmeister. Gullbring kulturhus har i underkant av 10 årsverk fordelte på heil- og deltidssette og tilkallingsvikarar. Arbeidsoppgåver • Ansvarleg for avdelinga sine leveransar innan økonomistyring, personalleiing, HMS og internkontroll • Ansvarleg for det samla programtilbodet og profilen til kulturhuset • Inngår og følger opp leigeavtalar og kontraktar, og har ei viktig vertsskapsrolle overfor leigetakarar, artistar og publikum • Overordna ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av den daglege drifta • Prioriterer og følgjer opp tiltak i tett samarbeid med huseigar, basert på interesse og forståing for teknisk drift av kultur- og idrettsbygg • Deltek i gjennomføring av arrangement og bidrar ofte i den daglege drifta Kvalifikasjonar Ønska kvalifikasjonar • Søkjar har relevant utdanning på minimum bachelornivå innanfor fag som leiing, økonomi, kultur og samfunn • Søkjar har kunnskap om kultur, folkehelse, idrett og frivilligheit Ønska kompetanse • Søkjar har erfaring ifrå drift av kulturhus basert på omfattande sambruk, eller ifrå tilsvarande verksemd • Søkjar har erfaring med og dokumenterte resultat ifrå leiing, økonomistyring, internkontroll og teamarbeid i offentleg sektor • Søkjar har erfaring ifrå offentleg forvaltning og kommunal saksbehandling Personlege eigenskapar • Strategisk og handlekraftig med evne til å sjå heilheit og samanhengar • Strukturert og løysingsorientert med vilje til endring og utvikling • Trygg i krevande beslutningar og aktuelle omstillingsprosessar • Evne til å bygge trygge relasjonar med medarbeidarar og kollegaer, og med samarbeidspartnarar, leigetakarar og publikum • Kommuniserer tillitsfullt, opent og ærleg • Samarbeider til det beste for fellesskapet og for samfunnsoppdraget Dette er personlege eigenskapar som vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr • Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune • Lønn etter avtale • Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Hilde Kristine Pedersen, Einingsleiar, +47 95704048 Arbeidsstad Gullbringvegen 34 3800 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5178011340 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.