Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning, Medielab, har ledig eit vikariat i 100% som seniorkonsulent / rådgjevar. Om stillinga: Den ledige stillinga er eit 6 månaders vikariat i 100% stilling som seniorkonsulent / rådgjevar innan medieproduksjon. Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i Fellesadministrasjonen. Medielab er høgskulen si kompetanseeining for medieproduksjon og bruk av ny teknologi i undervising, forsking og formidling. Senteret har 20 fast tilsette og har hovudkontor på campus Kronstad i Bergen (www.hvl.no/alu/medielab/). Vi søkjer ein høgt motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i video- og multimedieproduksjon og formidling. Stillinga vil gi den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø. Arbeidsplass vil vere campus Bergen, men HVL er ein fleircampusinstitusjon og noko reiseverksemd må påreknast. Oppstart i stillinga er 1.1.2027. Ansvars- og arbeidsoppgåver: Kjerneoppgåver lagt til stililnga er: • Bemanning og produksjon i Medielab Studio • Produksjon av undervisnings-, promoterings- og rekrutteringsfilmar frå idé til ferdig produkt • Produksjon av dokumentarar • Podcast produsent • Redigering, fargekorrigering, og å leggje til animasjonar og objekt i video og fotomateriale • Lyssetting • Å medverke i produksjonsteam ved streaming av konferansar og arrangement • Dronefotografering og videofilming • Stillfotografering Andre arbeidsoppgåver vil vere: • Å bidra til å vidareutvikle medieproduksjonssida ved HVL, for tida å delta i utvikling og utprøving av trådløs medieproduksjon via NDI på tvers av campus • Å vere oppdatert på nye formidlingsformar og teknologi innan medieproduksjon og bidra til avdelinga si vidareutvikling • Ha interesse for å utvikle seg innan nye medieproduksjonsformat som 360 og 3D filming • Halde seg oppdatert på lover og reglar om universell utforming Kvalifikasjonskrav: Formell utdanning og kompetanse: For tilsetting i stillingskode som seniorkonsulent må søkjar ha bachelorgrad som er relevant for fagområdet, ev. minimum 2-årig fagskule og relevant erfaring. For tilsetting i stillingskode som rådgjevar må søkjar minimum ha bachelorgrad, fortrinnsvis mastergrad, som er relevant for fagområdet. Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid innan UH-sektoren eller frå produksjonsselskap. Vi ønskjer at tre relevante arbeidsprøver blir lagt ved søknaden. Personlege eigenskapar: • Kreativ • Å kunne utvikle og tilpasse estetisk uttrykk til variert innhaldsproduksjon • Gode samarbeidsevner • Gode formidlingsevner • Evne til å planlegge og gjennomføre prosjekt i forhold til tidsfristar • Evne til å arbeide med fleire prosjekt samtidig Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling • Høve for trening i arbeidstida Stillinga som seniorkonsulent /rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent / 1434 - rådgjevar. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er: Einingsleiar Sigrid Jordal Havre Tlf.: 55 58 58 15 E-post: sigrid.jordal.havre@hvl.no Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig midlertidig stilling som høgskolelektor innen kjemiingeniørfag ved Fakultetet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap Om stillingen: Kjemiingeniørfag, som høyrer til institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag ved Høgskulen på Vestlandet, har ei ledig midlertidig stilling som høgskulelektor. Undervisning av prosessteknologiske emne er ein sentral del av stillinga og vil dekke tema innan fluidmekanikk samt separasjon og reinseteknologi. Undervisningsoppgåvene vil også bestå av rettleiing av studentar i samband med simulering av prosessar, fortrinnsvis ved bruk av simuleringsprogramvaren HYSYS. Det vil også bli noko undervisning i grunnleggjande kjemiske emne samt at det kan bli noko rettleiing av studentar i laboratoriet. Arbeidsstad er campus Bergen. Stillingen har varighet til 29.12.2028. Ansvars- og arbeidsområde: • Undervisning av studentar fysisk på campus, men også i samband med det nett- og samlingsbaserte studieprogrammet prosessteknologi • Rettleiing av studentar i samband med bruk av simuleringsprogramvare • Rettleiing av studentar i eksperimentelt arbeid, først og fremst i samband med bacheloroppgåver • Retting og vurdering av studentarbeid (innleveringar, rapportar) • Opparbeiding av eksamensoppgåver og retting av desse. Kvalifikasjoner (krav til stillingen): Kriterier for ansettelse i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor fremgår av Forskrift til universitets- og høyskoleloven Krav til formell utdanning og kompetanse: • For midlertidig tilsetjing som høgskulelektor er det krav om minimum mastergrad i kjemi- og prosessingeniørfag eller anna relevant fagområde. • Aktuelle kandidatar skal ha undervisningserfaring innan prosessteknologiske emne. • God skriftleg og munnleg norsk på nivå B2 samt god kommunikasjonsevne på engelsk er eit krav. Kompetanse i skandinavisk språk er likestilt med norsk. Kravet er oppfylt dersom søker har fullført norsk videregående utdanning med opptak til norsk høyere utdanning, eller dokumenterer bestått språktest på B2-nivå. • Krav til utdanningsfaglig kompetanse som følger nasjonale veiledende retningslinjer. Ønskede kvalifikasjoner: • Erfaring med undervisning/forelesing samt rettleiing av studentar i klasserom og laboratoriet vil telle positivt. • Erfaring med simuleringsprogramvare, fortrinnsvis HYSYS, vil telle positivt. Personlige egenskaper: • Evne til formidling blir vektlagt og vil bli vurdert basert på prøveforelesing. • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig er viktig. • Evne til å bidra konstruktivt til eit godt arbeidsmiljø vil vere ein fordel. Hvordan søke på stillingen? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merket ”Søk stillingen” på denne siden. Vi gjør oppmerksom på at søknader blir vurdert ut fra den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkers ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innen fristen, herunder: • vitenskapelige arbeid (inntil 15 stk.) • fullstendig publikasjonsliste • attester og vitnemål • dokumentasjon på utdanningsfaglig kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfaglig kompetanse dokumenteres med en pedagogisk mappe og en pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet. Søkere som ved tilsetting ikke oppfyller kravene i samsvar med forskriften må oppfylle disse innen to år. HVL tilbyr kurs i pedagogikk i høyere utdanning. Dersom vitnemålene, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikke er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søker selv laste opp attesterte omsettinger. Hvis vedleggene overskrider 50 MB må de komprimeres før opplasting eller legges ved som lenke. Søkere med utenlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanningen samsvarer med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Se www.hkdir.no for mer informasjon om vurdering av høyere utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader fra utvalgte land. Dersom utdanningen til søkeren er dekket av ordningen med automatisk godkjenning, vil det være tilstrekkelig å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese mer om ordningen med automatisk godkjenning her. Vi gjør oppmerksom på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordningen til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mulig når du vet at du vil søke på stillingen. Dersom du ikke har fått svar fra HK-dir innen søknadsfristen, legger du ved dokumentasjon fra HK-dir om at de har mottatt søknaden din. Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalget. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkere bli innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknader kan ikke sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskolen. Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordninger i Statens pensjonskasse • Spennende fagmiljø med mulighet for kompetanseheving- og utvikling • Mulighet for trening i arbeidstiden • Stillingen som høgskolelektor er lønnet etter Statens lønsregulativ, i stillingskode stillingskode 1008. • Fra lønn vil det bli trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Generell informasjon: Vi gjør oppmerksom på at unntak fra den offentlige søkerlisten blir behandlet etter reglene i Offentlighetsloven. Søkere som har anmodet om å ikke bli ført opp på den offentlige søkerlisten, vil bli varslet dersom slik anmodning ikke tas til følge. I HVL tror vi at mangfold gir oss bredere perspektiver, og at medarbeidere med ulik livserfaring og fagkombinasjoner vil gjøre oss i stand til å finne enda flere gode løsninger på våre oppdrag. Vi oppfordrer derfor alle til å søke jobb uten hensyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Hvis du har funksjonsnedsettelse, innvandrerbakgrunn eller hull i CV`en kan du bli positivt særbehandlet hvis du krysser av for dette når du søker stillingen. Les mer om positiv særbehandling i staten. Vi tar forbehold om at stillingen sin plassering i organisasjonen kan bli endret som følge av ev. justeringer i HVL sin interne organisering. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvendelse i behandlingen av søknadene. Inkludere, utfordre og samhandle Les mer på våre hjemmesider.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast 100% stilling som Maskinoffiser / Fagleg utviklar for ny bachelorutdanning ved HVL ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for maskin- og maritime fag, campus Haugesund. Om stillingen: Har du erfaring frå maskinrommet og tankar om kva framtidas maskinoffiserar må kunne? No får du høve til å bruke kompetansen din til å byggje opp ei heilt ny bachelorutdanning ved Høgskulen på Vestlandet. Høgskulen på Vestlandet skal utvikle ei framtidsretta bachelorutdanning for maskinoffiserar ved campus Haugesund. Vi søkjer derfor ein engasjert maskinoffiser som vil ta ei sentral rolle i utviklinga av det faglege innhaldet og bidra i etableringa av utdanninga. Dette er stillinga for deg som ønskjer å ta med deg erfaringane frå sjøen inn i utdanningssektoren, og som vil vere med og påverke kva kompetanse den maritime næringa skal ha i framtida. Maritim næring er inne i ei omfattande grøn og teknologisk omstilling. Nye framdriftssystem, alternative drivstoff, elektrifisering, batteri- og hybridsystem, digitalisering og automatisering endrar både fartøya og kompetansekrava til maskinoffiserar. Samstundes har næringa behov for fleire kvalifiserte maskinistar og maskinoffiserar. Du vil samarbeide tett med prosjektleiinga og relevante fagmiljø ved HVL om å utvikle studieprogrammet. Arbeidet omfattar mellom anna læringsutbytte, emneinnhald, fagleg progresjon, vurderingsformer og samanhengen mellom teori, verkstadopplæring, simulator, laboratorium og praksis. Ei sentral oppgåve blir å sikre god kopling mellom utdanninga, STCW-konvensjonen, norske sertifikatkrav og dei faktiske kompetansebehova i næringa. Stillinga gir deg ei unik moglegheit til å påverke ei ny utdanning frå første skisse til ferdig studieprogram. Her skal du ikkje berre undervise i eit etablert løp. Du skal vere med og teikne sjølve kartet. Stillinga har arbeidsstad ved campus Haugesund. Ansvars- og arbeidsområde: Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av den nye bachelorutdanninga. Aktuelle oppgåver vil vere å: • bidra til å utvikle den faglege profilen og strukturen for bachelorutdanninga • utvikle læringsutbyttebeskrivingar, emnebeskrivingar, fagleg progresjon og relevante vurderingsformer • kartleggje og dokumentere korleis utdanninga skal oppfylle relevante STCW-krav og norske sertifikatkrav • bidra til utvikling av samsvarsmatriser mellom læringsutbytte, emneinnhald og sertifikatkrav • sikre at operativ erfaring og behov frå maskinrommet blir integrerte i studieprogrammet • bidra til å utvikle modellar for verkstadopplæring, sikkerheitskurs, simulator- og laboratorieaktivitet • kartleggje behov for utstyr, areal, verkstad- og laboratoriekapasitet • delta i behovskartlegging og dialog med rederi, maritime verksemder, styresmakter og utdanningsaktørar • bidra i HVL sin interne akkrediterings- og kvalitetssikringsprosess • samarbeide med fagmiljø innan maskin, elektro, nautikk, sikkerheit og beredskap • bidra til planlegging av undervisning og oppstart av utdanninga • kunne delta i undervisning, rettleiing og fagleg utviklingsarbeid når studieprogrammet blir sett i drift Prosjektet skal også utvikle samarbeid om verkstadopplæring, sikkerheitskurs, kadettløp og simulator- og laboratoriebruk. Partnarane skal omfatte regionale rederi og maritime aktørar gjennom SURF (Skipsfartens utdannings- og rekrutteringsforum). Sjøfartsdirektoratet vil vere ein sentral dialogpart i spørsmål om sertifikat- og godkjenningskrav. Kvalifikasjoner: Vi søkjer deg som har: • maskinoffisersertifikat på relevant nivå, fortrinnsvis M1 eller M2 • relevant sjøteneste og god operativ erfaring frå drift og vedlikehald av maritime maskin- og energisystem • god kjennskap til maskinoffiseren si rolle, ansvarsområde og kompetansebehov • kjennskap til relevante delar av STCW-konvensjonen og norske sertifikatkrav • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk • evne til å kommunisere og samarbeide på engelsk • Relevant høgare utdanning innan marinteknisk drift, maskinfag, marine system eller tilsvarande vil vere ein fordel. Omfattande og særleg relevant yrkeserfaring kan bli vurdert opp mot utdanningsbakgrunnen, innanfor dei formelle krava som gjeld for stillinga. Det kan gjerast unntak frå kravet om bachelorgrad og vurderast tilsetjing i stilling som avdelingsingeniør for søkjarar med maskinoffisersutdanning frå fagskule, dersom vedkomande elles blir vurdert som særs godt eigna ut frå dei øvrige krava i stillingsutlysinga. Det kan òg gjerast unntak frå kravet om sertifikat på nivå klasse 1 eller frå kravet om erfaring som maskinsjef eller 1. maskinist for søkjarar som elles blir vurderte som særs godt eigna for stillinga. Det same gjeld søkjarar med erfaring frå undervisning og simulatorundervisning innan maritim utdanning. Den som blir tilsett, kan bli pålagd å gjennomføre kurs i universitetspedagogikk og anna kompetanseheving etter behov. Ønskede kvalifikasjoner Det er ein fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område: • nyare framdrifts- og energisystem • automasjon, digital overvaking og integrerte kontrollsystem • energieffektiv drift og utsleppsreduserande tiltak • vedlikehaldsleiing og teknisk leiing • tryggleik, risikovurdering og beredskap • simulator-, laboratorie- eller verkstadopplæring • opplæring, undervisning, instruksjon eller rettleiing • utvikling av kurs, fagplanar eller kompetansekrav • samarbeid med rederi, styresmakter, opplæringsaktørar eller utdanningsinstitusjonar Erfaring frå utdanning er positivt, men vi er først og fremst interesserte i solid maritim kompetanse, utviklingsvilje og eit sterkt engasjement for å føre praktisk erfaring vidare til nye generasjonar maskinoffiserar. Personlige egenskaper: Vi ser etter deg som: • ønskjer å vere med og byggje opp noko nytt • arbeider strukturert og kan omsetje operativ erfaring til fagleg innhald • er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert • samarbeider godt med personar med ulik fagleg bakgrunn • kan sjå samanhengen mellom teknologi, operasjon, tryggleik og kompetanse • trivst med både detaljerte faglege problemstillingar og langsiktig utviklingsarbeid • kommuniserer tydeleg og engasjerande • har respekt for både den praktiske og akademiske sida av profesjonsutdanninga Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Kvifor skal du velje HVL? Hos oss får du: • ei nøkkelrolle i utviklinga av ei ny bachelorutdanning • høve til å påverke utdanninga før emne, læringsutbytte og undervisningsformer er ferdig fastsette • bruke den maritime erfaringa di til å forme kompetansen til framtidas maskinoffiserar • arbeide i eit tverrfagleg miljø innan maritime fag, maskin, elektro, tryggleik og beredskap • samarbeide tett med rederi, maritime verksemder, utdanningsaktørar og relevante styresmakter • bidra til grøn og digital omstilling i ei av Noregs viktigaste næringar • vere med og styrkje Haugesund og Vestlandet som maritim utdannings- og kompetanseregion Utdanninga skal utviklast i tett samarbeid med den maritime næringa og skal gi kandidatane kompetanse innan mellom anna moderne driftssystem, alternative energiberarar, digital tryggleik, verkstadopplæring og sikker drift. Korleis søkje på stillinga? Slik søkjer du Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Søknaden skal innehalde • søknadsbrev • CV • dokumentasjon på utdanning og sertifikat • dokumentasjon på relevant sjøteneste og arbeidserfaring Vi ønskjer gjerne at du i søknaden skriv kort om: • kva erfaring du meiner er mest relevant for utviklinga av utdanninga • kva framtidas maskinoffiserar etter di vurdering må kunne • kvifor du ønskjer å gå frå å drifte maritime system til å vere med og forme ei ny utdanning Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte ut frå informasjonen som er registrert i www.jobbnorge.no ved utløpet av søknadsfristen. Det er søkjaren sitt ansvar å sjå til at alle relevante vedlegg er lasta opp innan fristen, mellom anna attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overstig 50 MB, må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga svarar til norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er omfatta av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning på nettsidene til HK-dir. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så snart som mogleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir som stadfestar at søknaden er motteken. Søknadene blir sende elektronisk til den sakkunnige komiteen. På grunnlag av innstillinga frå komiteen vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Vi tilbyr: • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse • eit spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og fagleg utvikling • moglegheit for trening i arbeidstida • ein arbeidsplass med engasjerte og kompetente kollegaer Stillinga som høgskolelærar er lønna etter Statens lønsregulativ, i st.kode 1007 - Høgskolelærer / st.kode 1008 Høgskolelærer / st.kode 1084 Avdelingsingeniør Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir behandla etter reglane i offentleglova. Søkjarar som har bede om å bli unnatekne frå den offentlege søkjarlista, vil bli varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje. Ved HVL meiner vi at mangfald gir breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar gjer oss betre i stand til å finne gode løysingar på oppgåvene våre. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søkjer stillinga. Les meir om positiv særbehandling i staten på nettsidene til DFØ. Vi tek atterhald om at plasseringa av stillinga i organisasjonen kan bli endra som følgje av eventuelle justeringar i den interne organiseringa ved HVL. Høgskulen på Vestlandet er underlagd eksportkontrollforskrifta. Forskrifta kan kome til bruk ved behandlinga av søknadene. Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet: 1) Assisterende instituttleder Robert Drønen, epost: rodr@hvl.no, tlf.: 48138318 Inkludere, utfordre og samhandle Les mer på våre hjemmesider.
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.