Ønskjer du å arbeide med nokre av dei mest spennande differensialdiagnostiske problemstillingane innan psykisk helsevern? Vi har ledig eit vikariat som psykolog/psykologspesialist i vårt alderspsykiatriske fagmiljø ved Haugesund sjukehus, med moglegheit for fast tilsetjing. Stillinga er knytt til alderspsykiatrisk poliklinikk, med tett samarbeid med både alderspsykiatrisk døgneining og nevropsykologisk poliklinikk Hos oss møter du pasientar der symptom og funksjonsendringar ofte ligg i skjeringspunktet mellom kognitiv svikt, psykisk liding, somatisk sjukdom og normal aldring. Mange av pasientane blir tilviste fordi utgreiinga er kompleks og diagnostikken framleis uavklart etter vurderingar i kommunehelsetenesta eller andre delar av spesialisthelsetenesta Dette er ei stilling for deg som trivst med klinisk problemløysing, diagnostisk arbeid, kognitiv utgreiing og tverrfagleg samarbeid. Kva går jobben ut på? Du vil arbeide med utgreiing av eldre pasientar med kognitiv svikt, åtferdsendringar og psykiatriske symptom. Arbeidet omfatter mellom anna: • Nevropsykologiske undersøkingar og diagnostiske vurderingar. • Differensialdiagnostisk utgreiing ved mistanke om demenssjukdom og andre kognitive tilstandar. • Vurdering av samspel mellom kognitiv svikt, psykisk liding og somatisk sjukdom. • Tverrfagleg samarbeid med legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og andre faggrupper. • Deltaking i diagnostiske drøftingar og behandlingsplanlegging. • Arbeid ved både alderspsykiatrisk poliklinikk, nevropsykologisk poliklinikk og alderspsykiatrisk døgneining. Utgreiingane er ofte målretta og klinisk orienterte, tilpassa ei pasientgruppe med samansette utfordringar, omfattande somatisk sjukdom og redusert funksjonsnivå. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som psykolog • Erfaring med nevropsykologisk utgreiingsarbeid • Erfaring med utgreiing av eldre pasientar • Kompetanse innan kognitiv vurdering og differensialdiagnostikk • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling. Spesialistgodkjenning er ein fordel, men ikkje eit krav. Kva ser vi etter hos deg? Vi trur du vil trivast hos oss dersom du • likar komplekse diagnostike problemstillingar • er fagleg nysgjerrig og analytisk • trivst med samarbeid på tvers av fagområde • er trygg i kliniske vurderingar • kommuniserer godt med pasienter, pårørande og samarbeidspartnarar • bidreg til eit inkluderande og positivt fagmiljø Kvifor skal du velje oss? Få arbeidsplassar tilbyr den same kombinasjonen av alderspsykiatri og nevropsykologi som denne stillinga. Hos oss får du • arbeide i eit stort og erfarent fagmiljø innan kognitiv utgreiing • tett samarbeid mellom alderspsykiatri og nevropsykologi • tilgang til brei testkompetanse og omfattande testbatteri • regelmessige tverrfaglege drøftingar • varierte arbeidsoppgåver på tvers av poliklinikk og døgneining • moglegheit til å arbeide med nokre av dei mest komplekse differensialdiagnostiske problemstillingane hos eldre pasientar • fagleg utvikling i eit spesialisert fagfelt Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonArvid Rongve, overlege, 90548749, arvid.rongve@helse-fonna.no Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5192503985 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 30.10.2026
Kjenner du deg igjen? Du likar å vere der for pasientane – i både medgang og motgang – og har eit sterkt ønske om å utvikle deg fagleg. Når du ser at innsatsen din gjer ein forskjell for andre, trivst du best. Du handterer krevjande situasjonar med ro, samarbeider godt med kollegaer frå ulike fagfelt og ønskjer å vere del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement. Variasjonen er stor hos oss – du jobbar til dagleg på kreftpoliklinikken, og kvar fjerde helg er du på sengepost og følgjer opp pasientane der. Slik får du ein fin kombinasjon av tryggleik, læring og pasientnær erfaring. Her får du moglegheita til å gjere ei skilnad i livet til pasientar og pårørande som står i ein krevjande livssituasjon – noko som gjer arbeidet både meiningsfullt og lærerikt. Vi har spennande tider i vente! I 2027 flyttar vi inn i toppmoderne lokale – og blir del av ei ny, framtidsretta kreftavdeling for både poliklinikk og sengepost. 👉 Vil du vere med på reisa vidare? Send oss søknaden din – vi gler oss til å bli kjent med deg! Kva gjer ein kreftsjukepleiar hos oss? Dette er noko av det du vil jobbe med: • Ivaretaking og behandling av pasientar som får kreftbehandling (cellegift og immunterapi). • Du får utføre sjukepleieprosdyrar, handtera medikamentar og sikre at rutinane blir utført med god kvalitet. • Undervisning og opplæring av pasientar, pårørande og kollegaer. • Arbeid på sengepost kvar fjerde helg - slik at du får innsikt i heile pasientforløpet. • Du får høve til å vere kontaktsjukepleiar for studentar i vidareutdanning. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Vidareutdanning i kreftsjukepleie/palliasjon er ønskeleg. Har du minst to år klinisk erfaring med kreftpasientar, kan du likevel vere aktuell. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? På Kreftpoliklinikken møter vi mange ulike situasjonar i løpet av arbeidsdagen – derfor treng vi deg som • handterer høgt arbeidspress med ro, struktur og fagleg tryggleik • møter pasientar og pårørande med respekt, medkjensle og tydeleg kommunikasjon • set pris på å samarbeide tett med kollegaene, men òg kan jobbe sjølvstendig • trivst i eit miljø med høgt tempo, og bidreg til eit positivt og støttande arbeidsmiljø Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Møte med pasientar i ulike aldrar, med ulike diagnosar og i ulike livssituasjonar. • Ein variert kvardag mellom poliklinikk og sengepost. • Fagleg påfyll, kurs og rettleiing frå erfarne kollegaer. • Eit stabilt og støttande arbeidsmiljø med høg kompetanse og lågt sjukefråvær – der vi tek vare på kvarandre og trivst i lag. • Høve til å delta i forskingsprosjekt og utviklingsarbeid innan kreftomsorg. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElisabeth Hystad, Konstituert funksjonsleiar, 41870956, elisabeth.hystad@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5190873002 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.10.2026
Vil du bli vår nye funksjonsleiar for gynekologi leger i Haugesund? Ein spennande moglegheit for deg som er opptatt av mennesker, utvikling og leiing! Som funksjonsleiar får du delta i klinikkens leiargruppe og vil ha nært samarbeid med avdelingsleiar. Du får moglegheit til å utvikle leiarkompetansen din gjennom eit leiarutviklingsprogram, samt bidra til utviklinga av faget føde og gynekologi i Haugesund. Vi er ein del av føde- og gynekologisk avdeling i kirurgisk klinikk og er klassifisert som kvinneklinikk. Dette innebærer at vi tar imot risikofødslar fra heile Helse Fonna sitt nedslagsfelt. I samarbeid med Odda og Stord har vi omlag 1300 fødslar i året. Vi har ca 9000 polikliniske konsultasjoner pr år fordelt på fødepoliklinikk, diabets-fødepoliklinikk, tidligultralydscreening og rutine ultralydscreening, gynekologisk poliklinikk, urogynekologisk poliklinikk og gynekologisk-onkologisk poiklinikk. Av operasjoner har vi ca 2000 pr år fordelt på sentraloperasjon, dagkirurgisk operasjon og polikliniske operasjoner. I tillegg har vi landet 3. Største offentlige fertilitetsavdeling. I tillegg driver vi spesialistutdanning og har også medisinstudenter utplassert fra UiB. I 2030 blir vår avdeling en del av Vestlandslegen. Avdelingens leger består av 8 spesialister, 1 legespesialist, 3 konstituerte overleger og 8 LISer. Avdelinga byr på eit dynamisk miljø med høg fagleg kompetanse, dyktige kollegaer og gode samarbeidsforhold. Har du lyst til å vere med og forme framtida for føde- og gynekologifaget i Helse Fonna? Då håpar vi å høyre frå deg! Kva går jobben ut på? • Delta aktivt i leiargruppa ved Føde- og gynekologisk avdeling og Kirurgisk klinikk. • Leie, utvikle og motivere legegruppa. • Ha personalansvar og bidra til kompetanseutvikling for legane. • Ha fagleg ansvar for gynekologisk eining og bidra til vidare utvikling av fagområdet. • Sikre god bemanning og effektiv ressursplanlegging for drift og vaktordningar. • Ha budsjett- og økonomiansvar for legegruppa. • Drive systematisk arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit. • Delta i klinisk arbeid. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som lege • Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskjeleg. • God økonomiforståing og evne til heilskapleg ressursstyring. • Erfaring frå føde- og gynekologisk avdeling er ein fordel. • Kjennskap til DIPS og Natus er ønskjeleg. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du er: • er motivert for leiing og utvikling av medarbeidarar • arbeider strukturert og systematisk • har gode samarbeidsevner og trivst med teamarbeid • er målretta og oppteken av å skape resultat • er sjølvstendig, tydeleg og handlekraftig • er fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag Personlige eigenskapar og motivasjon for stillinga blir vektlagd. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Delta i eit leiarutviklingsprogram som styrkjer kompetansen din som leiar. • Ei unik moglegheit til å vidareutvikle faget og fødetilbodet i Haugesund. • Tett samarbeid, støtte og oppfølging frå avdelingsleiar. • Ein aktiv rolle i klinikken si leiargruppe, der du kan påverke strategiske avgjerder. • Ei avdeling med høg fagleg kompetanse, engasjerte medarbeidarar og eit godt samarbeidsklima. • Moglegheit til å kombinere leiing med klinisk arbeid. Som funksjonsleiar får du vere med på å forme framtida for kvinnehelsetenestene i Helse Fonna, saman med dyktige kollegaer i eit sterkt fagmiljø. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonIngvild Svåsand, Funksjonsleder leger gyn, 52755707 Sidsel Petrine Vetås, Avdelingsleiar, +47 52732326 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5177772023 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.