Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum. Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Det er ledig følgande stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk. * Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 50-80% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg * Avdeling Spesialisert psykose, Seksjon S5 har ledig 80-100% fast stilling på natt, p.t kvar 3. helg med turnus på natt Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen. Arbeidsoppgåver Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762 Kvalifikasjonar (overskrift) Avdeling Spesialisert Psykose, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling. Seksjon S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose, men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge. Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk), tverrfagleg undervisning og trening i MAP kvar veke og alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde seg på. Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid. Kontakt: Liv Mala, Tlf. Telefon:55958706 Arbeidsoppgåver • Ansvarsvakt • Administrering av medisinar Miljøterapeutisk arbeid: • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient • Observere og dokumentere • Praktiske oppgåver Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Erfaring frå psykiatri er ønskeleg • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad • Relevant erfaring samt personlege eigenskapar frå fagområdet • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad Personlege eigenskapar Vi ønsker medarbeidarar som: • har respekt for den enkelte pasienten • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible • har gode kommunikasjonsevner • har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø • ønsker og evner å motta rettleiing Vi tilbyr • Utfordringar og læresituasjonar • Fadderordning • Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk • Inkluderande arbeidsmiljø • Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5181741853 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026
Vil du vere med å bygge opp eit helt nytt tilbod for ungdom med alvorlege psykiske lidingar og høg valdsrisiko? Ved Regional sikkerheitsseksjon etablerer vi no eit nytt spesialisert tilbod for ungdom i Helse Vest. Vi søker ein engasjert barne- og ungdomspsykiater som ønsker å vere med å forme fagutviklinga, tenestetilbodet og behandlingskulturen frå starten av. Dette er ein sjeldan moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit felt der behovet for kunnskap og spesialisert behandling er stort. RSA Ung Vest er under etablering og er planlagt å vere i drift frå januar 2027. Tilbodet skal gi utgreiing og behandling til ungdom med alvorlege psykiske lidingar og samansett problematikk, ofte kombinert med betydeleg valdsrisiko. Eininga vil bestå av både døgnplassar og ambulante tenester, og skal betene heile Helse Vest i tett samarbeid med BUP-einingar, barnevernsinstitusjonar, kriminalomsorgen og øvrige spesialisthelsetenester. Tilbodet er etablert som ein oppfølging av nasjonale anbefalingar om å utvikle sikkerheitspsykiatriske tenester for barn og unge på regionalt nivå, tilknytta dei regionale sikkerheitsavdelingane. Same tilbod byggast samtidig opp i Helse Midt og Helse Sør-Øst og det vil bli samarbeid nasjonalt. Helse Nord har inngått avtale med Helse Vest om at RSA Ung Vest vil betene deira opptaksområde for ein periode. Om Klinikk sikkerheitspsykiatri Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Klinikken er ein av landets leiande fagmiljø der forsking, undervising og fagutvikling er sentrale delar av verksemda. Dette gir unike moglegheiter for samarbeid, kompetanseutvikling og vidareutvikling av spesialiserte behandlingstilbod. Vil du vere med og forme framtidas tilbod til ungdom med dei mest komplekse behandlingsbehova? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Kvalifikasjonar For å trivast med arbeidsoppgåver hos oss, ser vi etter deg som har følgande kvalifikasjonar: • Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri (eller er i sluttfasen av LIS-utdanninga) • Kunnskap om valdsrisikovurdering og -handtering • Kunnskap om psykosetilstandar hos barn og unge • Kunnskap om personlegdomsproblematikk hos barn og unge • Kunnskap om nevroutviklingsforstyrringar og psykisk utviklingshemming • Erfaring frå klinisk forsking er ønskeleg • Krav om godkjend politiattest Vi ber om at relevant dokumentasjon blir lagt ved søknaden. Personlege eigenskapar Kven er du? • Du er robust og har evne til å stå støtt i krevande situasjonar på jobb • Du er ein lagspelar som samarbeider godt på tvers av ulike fagmiljø, og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Du kommuniserer opent og respektfullt med både pasientar, pårørande og kollegaer, og legg vekt på å bygge tillitsfulle relasjonar • Du har eit brukar- og pasientfokus, og jobbar for å sikre gode pasientforløp og effektive arbeidsprosessar • Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter i endring, spesielt i ein tid der vi utviklar tenestene våre • Du tar initiativ, trivst med å finne løysingar og handterer endringar på ein positiv og fleksibel måte • Du er både fagleg og personleg trygg, arbeider sjølvstendig og strukturert, og tar ansvar for eigne oppgåver • Du skapar tillit gjennom å vere ein aktiv lyttar, og er open for tilbakemeldingar og nye perspektiv • Du har eit ønske om fagleg utvikling, og tar ansvar for eigen læring og kompetanseheving • Du har førarkort klasse B • Du kan reise på kortare oppdrag i region Vest og Nord Vi tilbyr Hos oss får du: • Moglegheit til å bygge opp eit nytt fagmiljø frå grunnen av • Arbeid i skjeringspunktet mellom barne- og ungdomspsykiatri, sikkerheitspsykiatri og rettspsykiatri • Tett samarbeid med overlegar, psykologspesialistar og anna høgt kvalifiserte fagpersonar • Moglegheit til å påverke utviklinga av fremtidas behandlingstilbod for ein svært sårbar pasientgruppe • Gode moglegheiter for forsking, undervisning og fagutvikling Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarthe Halvorsen Kjærstad, Konst. klinikkleiar, 90936016, mrhr@helse-bergen.no ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5195548484 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Seksjon for sosionomtenester har ledig 50% fast stilling. Det er ønskeleg med oppstart 04. januar 2027. Seksjon for sosionomtenester gir tilbod til pasientar og pårørande ved somatiske avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Sosionomen skal kjenne til rettar og hjelpeordningar, og arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser. Seksjonen har 10.5 tilsette sosionomar. Arbeidsoppgåver • Klinisk arbeid med inneliggande pasientar og pårørande • Polikliniske samtalar • Kartlegge behov for hjelpetiltak • Gje informasjon, råd og rettleiing om hjelpetiltak og rettar jfr. aktuelt lovverk • Bistå med søknader • Formidle kontakt til aktuelle samarbeidsinstansar og hjelpeapparat utanfor sjukehuset • Støttesamtalar og meistringsfokuserte samtalar • Undervisning av pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar • Må ha godkjent sosionomutdanning • Det er ønskeleg at du har vidareutdanning • Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring • Stillinga krev gode samarbeidsevner og fleksibilitet • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid ved NAV • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid i sjukehus Personlege eigenskapar • Sjølvstendig og ansvarsbevisst i arbeidsutføring • Evne til å framstå trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar • Gode kommunikasjonsevner • Fleksibel • Respektfull i møte med pasientar og samarbeidspartnarar • Engasjert og initiativrik • Løysingsorientert • Vere ein god teamarbeidar • Bidra til eit godt arbeidsmiljø • Like varierte utfordringar Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Varierte arbeidsoppgåver • Kollegaer med lang og god erfaring • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Fleksibel arbeidstid • Hovudarbeidsstad vil for tida vere på Haukeland universitetssjukehus Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering. KontaktinformasjonSynneve Myklebust, Seksjonsleiar, 55973808 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5195785584 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 05.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.