Vil du vere med og forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal? Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til ei fast 100% stilling ved seksjon for inntak i kompetanse- og næringsavdelinga. Hos oss får du vere med på å forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal og bidra til utviklinga av opplæringstilboda i fylket. Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers. Arbeidsoppgåver Du vil mellom anna jobbe med: • saksbehandling knytt til inntak til vidaregåande opplæring, inkludert vurdering av søkarrettar og godkjenning av utanlandsk utdanning • rettleiing og informasjonsarbeid overfor søkarar, føresette, skolar og samarbeidspartar • arbeid med regelverk, faglege vurderingar og vidareutvikling av rutinar og arbeidsprosessar • planlegging og koordinering av opplæringstilbod i samarbeid med kommunar, skolar og andre relevante aktørar Andre oppgåver kan bli aktuelle. Kvalifikasjonar • høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent • erfaring med saksbehandling og forvaltningsarbeid, gjerne fra opplærings- eller utdanningssektoren • erfaring med å tolke og nytte lov- og regelverk i praktisk arbeid • god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk Det er ein fordel om du har • erfaring frå arbeid med inntak til vidaregåande opplæring • erfaring med vurdering og godkjenning av utanlandsk utdanning • kjennskap til opplæringslova og tilhøyrande regelverk • erfaring med arbeid i offentleg sektor Personlege eigenskapar For å lukkast i stillinga tror vi du: • trivast i samarbeid med andre og er god til å utvikle relasjonar og nettverk • kommunisere godt og evner å tilpasse informasjon til ulike målgrupper • har eit kritisk blikk på etablerte arbeidsmåter og kan bidra til forbetring og omstilling • trivast med varierte arbeidsdagar og periodar med høgt arbeidstempo • likar å ta initiativ og bidrar til kunnskapsdeling Vi tilbyr • ei spennande og meiningsfull stilling i eit sterkt fagmiljø • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer • god moglegheiter for faglege nettverk og fagleg utvikling • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring • løn etter avtale Kontaktinformasjon Maria Enstad, Seksjonsleder inntak , +4799511076, maria.enstad@mrfylke.no Arbeidsstad Julsundvegen 9 6412 Molde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5190473841 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.