Regional sikkerheitsavdeling har ledig 2 faste 20% helgestillingar.Regional sikkerheitsavdeling er ein av sengepostane i Klinikk sikkerheitspsykiatri. I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Vi arbeider i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi og fysisk aktivitet. Vil du vere med å skape endring der andre ser utfordringar? For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke. Arbeidsoppgåver • Følge opp pasientar i henhald til behandlingsplan • Bidra til å skape eit trygt postmiljø for både pasientar og personale • Kunne gi omsorg, støtte og struktur for pasientar i ein vanskeleg livssituasjon • Miljøterapeutisk arbeid Kvalifikasjonar • Ønskeleg med erfaring frå liknande type arbeid • Gjerne student innan helsefagleg utdanning • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team, vere strukturert • Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert • Stor arbeidskapasitet • Meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg • Krav om godkjend politiattest Personlege eigenskapar • Du er initiativrik, interessert og har respekt for den einskilde pasient • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Du etterspør rettleiing Vi tilbyr • Grundig opplæring • MAP kurs, møte med aggresjonsproblematikk • Triveleg arbeidsmiljø • Treningsrom for tilsette Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Bente Baug Grey, Seksjonsleiar, 55958384 Arbeidsstad Sandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5204438904 Stillingsprosent: 20% Fast Startdato: 30.11.2026 Søknadsfrist: 17.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.