Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad3 nov.

Om tjänsten

Regional sikkerheitsavdeling har ledig 2 faste 20% helgestillingar.Regional sikkerheitsavdeling er ein av sengepostane i Klinikk sikkerheitspsykiatri.

I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Vi arbeider i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi og fysisk aktivitet.

Vil du vere med å skape endring der andre ser utfordringar?

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke.

Arbeidsoppgåver

  • Følge opp pasientar i henhald til behandlingsplan
  • Bidra til å skape eit trygt postmiljø for både pasientar og personale
  • Kunne gi omsorg, støtte og struktur for pasientar i ein vanskeleg livssituasjon
  • Miljøterapeutisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med erfaring frå liknande type arbeid
  • Gjerne student innan helsefagleg utdanning
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team, vere strukturert
  • Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
  • Stor arbeidskapasitet
  • Meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Krav om godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik, interessert og har respekt for den einskilde pasient
  • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du etterspør rettleiing

Vi tilbyr

  • Grundig opplæring
  • MAP kurs, møte med aggresjonsproblematikk
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Treningsrom for tilsette

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Bente Baug Grey, Seksjonsleiar, 55958384

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5204438904

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 30.11.2026

Søknadsfrist: 17.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 17 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Klinikkf or sikkereheitspsykiatri/ Regional Sikkerhetsseksjon (RS), Helse Bergen HF

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Bergen och dölj konkurrerande annonser på sidan.