Onkolog i Førde - bli del at eit fagmiljø i vekst ogutvikling. Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som overlege innan onkologi. Det er mogleg å få fast tilsetting etter endt vikariat. Kreftbehandlinga er i rask utvikling, og vi ønskjer å vere med i denne utviklinga ved å auke ressursane våre innanfor onkologi. Vi er eit ungt og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte legar, sjukepleiarar og sekretærar. Vi har sterkt fokus på samarbeid, trygge og gode pasientforløp. Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost med 10 senger innan onkologi, hematologi og palliasjon, i tillegg til poliklinisk verksemd. Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca 110 000 innbyggjarar. Vi har idag åtte overlegestillingar fordelt på tre onkologar, fire hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt fem legar i spesialisering. Stillinga inngår i ei 6-delt vaktordning: kl 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl 09:00 - 14:00 på helg- og høgtidsdagar. Kreftavdelinga i Helse Førde har eit sterkt forskingsmiljø med mange moglegheiter for tilsette. Avdelinga deltek i fleire nasjonale og internasjonale kliniske studiar, og har også eigne studiar som blir leia av overlegar og forskarar i avdelinga. Fokuset i studia ligg i stor grad på å forbetre tilpassa/personsentrert behandling. Det er mogleg å delta i forskingsprosjekt og fleire overlegar og sjukepleiarar har doktorgrad eller tek doktorgrad ved sida av klinisk arbeid. Frå 2028 skal Helse Førde også få medisinstudentar som ein del av «Vestlandslegen». Det vil då vere mogleg å bidra i undervisning eller opplæring. Arbeidsoppgåver • Medisinsk onkologisk behandling og oppfølging av kreftpasientar • Rettleiing, supervisjon og undervisning • Utføre tilsyn ved henvisningar internt på sjukehuset • Rullering sengepost - poliklinikk • Deltaking i kliniske behandlingstudier Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som lege • Godkjent spesialist i onkologi, eller at slik godkjenning vil føreligge i 2027 • Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg for god og forsvarleg yrkesutøving • God fagleg vurderingsevne, og arbeide målretta og strukturert Personlege eigenskapar • Er ein positiv bidragsytar til godt, fagleg og kollegialt miljø • Har motivasjon og interesse for fagfeltet • Møter mennesker i krise profesjonelt, respektfullt og empatisk • Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr • Eit aktivt, fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø, som gjev moglegheit til fagleg og personleg utvikling • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Knut Erik Folland, Avdelingssjef, (+47) 918 82 662 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5207626900 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.02.2027 Sluttdato: 31.01.2028 Søknadsfrist: 24.11.2026
Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig sommervikariat for medisinstudent med lisens eller cand.med. Periode: 14.06.2027 - 22.08.2027. Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane, eit opptaksomrdåe med ca 110 000 innbyggjarar. Avdelinga består av sengepost med 10 senger og poliklinikk, og har pasientar innan fagområda onkologi, hematologi og palliasjon. Stillinga er ei dagstilling og inngår i ei femdelt vaktordning med vakttid kl. 16.00–19.00 på kvardagar og kl. 09.00–14.00 på helge- og høgtidsdagar. Vakta blir bemanna av overlege og LIS3, eller overlege og medisinstudent med lisens. Send oss søknaden din, og oppgje gjerne kva veker du kan arbeide i perioden. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver • Ordinære oppgåver tilknytta arbeid ved sengepost, visitt, mottak av pasienter med innkomstjournal, epikriser m.m. • Behandling og oppfølging av pasientar med kreftsjukdom og deira pårørande Kvalifikasjonar • Dokumentasjon på lisens • Gode norskkunnskaper er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling Personlege eigenskapar Vi vil gjerne ha ein medarbeidar som: • har fagleg interesse og engasjement for fagområda onkologi, hematologi og palliasjon • har høg arbeidskapasitet, er fleksibel, og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon • er ansvarsbevisst og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Kompetanse, erfaring og eignaheit vert vektlagt Vi tilbyr • Ei avdeling med spennande og utfordrande fagmiljø • Høg fagleg kvalitet, og godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Knut Erik Folland, Avdelingssjef, (+47) 918 82 662 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5207843097 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 14.06.2027 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 17.01.2027
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.