Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten ogfaget, og vil utforska i lag med elevane våre! • Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 20 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet. • Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer. • Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum. • Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre. Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/ Arbeidsoppgåver • Undervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen. • Arbeid med elevgrupper Kvalifikasjonar • Kunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag. • Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast. • Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid • Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag • Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi • Førarkort og tilgang til bil Personlege eigenskapar • Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet • Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande • Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre • Du er samarbeidsvillig og bidreg positivt inn i kollegiet Vi tilbyr • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kontaktinformasjon Anne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771 Arbeidsstad Grovagjelet 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5204385432 Stillingsprosent: 30% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 17.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.