Hoppa till huvudinnehållet
Kulturskule logo

Pedagog i visuelle kunstfag 

Kulturskule
  • OrtKvam
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad3 nov.

Om tjänsten

Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten ogfaget, og vil utforska i lag med elevane våre!

  • Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 20 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet.
  • Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.
  • Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
  • Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre.

Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/

Arbeidsoppgåver

  • Undervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen.
  • Arbeid med elevgrupper

Kvalifikasjonar

  • Kunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag.
  • Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast.
  • Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid
  • Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag
  • Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi
  • Førarkort og tilgang til bil

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
  • Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande
  • Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre
  • Du er samarbeidsvillig og bidreg positivt inn i kollegiet

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
  • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Anne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771

Arbeidsstad

Grovagjelet

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5204385432

Stillingsprosent: 30%

Vikar

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.12.2027

Søknadsfrist: 17.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 17 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Kulturskule

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Kvam och dölj konkurrerande annonser på sidan.