KVITO SØKJER JOBBKONSULENT (80--100 %) Arbeidsområde: Vinje og Kviteseid -- med mogleg arbeid i heile Vest‑Telemark Oppstart: 1 januar 2027 ellers snarast råd og varigheita er fram til nov 2027. Søknadsfrist: 15. nov 2026 Kvito har mykje spanande på gang -- og no treng vi ein ny medarbeidar som brenn for arbeidsinkludering og ungdom. Vi ser etter deg som trivst i møte med menneske, som ser moglegheiter der andre ser hinder, og som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell. Arbeidsoppgåver I denne rolla vil du vere ein viktig støttespelar for ungdom og vaksne som treng hjelp til å finne sin veg inn i arbeidslivet. Du vil mellom anna: • kartleggje ressursar, interesser og moglegheiter • gjennomføre karriererettleiing • bidra til utvikling av arbeidsevne og meistring • samarbeide tett med NAV, næringslivet og andre samarbeidspartnarar • skreddarsy oppfølging og tiltak for kvar enkelt deltakar • vere ein trygg og tydeleg rettleiar for ungdom i sårbare overgangar Ønska kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: • god munnleg og skriftleg framstillingsevne • helse‑, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet • arbeidsinkluderingskompetanse og/eller relevant erfaring • interesse og kompetanse innan IT og digitale løysingar • brei erfaring frå arbeid med ungdom • gode samarbeidsevner og sterk relasjonskompetanse Personlege eigenskapar, engasjement og evne til å skape tillit vil bli vektlagt. Vi oppmodar menn til å søkje. Du må disponere eigen bil. Vi ser etter deg som • er løysingsorientert, fleksibel og sjølvstendig • trivst med å jobbe både ute i felt og på kontor • har eit ekte engasjement for menneske og arbeidsinkludering • likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo og mykje ansvar Vi kan tilby • grundig opplæring og tett fagleg støtte • ein meiningsfull og variert arbeidskvardag • stor moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og innhald i jobben • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • gode velferdsordningar • løn etter avtale Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest, jf. § 21 i arbeidsmarknadslova. Vikariatet kan bli gjort om til fast. Arbeidsstad Vest‑Telemark, med hovudvekt på Vinje og Kviteseid. Kontakt For spørsmål om stillinga: Torbjørn Blichfeldt Dyrland , dagleg leiar E‑post: torbjorn.dyrland@kvito.no Telefon: 932 61 670 Slik søkjer du Send søknad og CV til: torbjorn.dyrland@kvito.no Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.