Hoppa till huvudinnehållet
Kvito AS logo

JOBBKONSULENT i 80%-100% stilling

Kvito AS
  • OrtVinje
  • Omfattning–
  • Sista ansökan16 dagar kvar
  • Publicerad29 okt.

Om tjänsten

KVITO SØKJER JOBBKONSULENT (80--100 %)

Arbeidsområde: Vinje og Kviteseid -- med mogleg arbeid i heile Vest‑Telemark

Oppstart: 1 januar 2027 ellers snarast råd og varigheita er fram til nov 2027.

Søknadsfrist: 15. nov 2026

Kvito har mykje spanande på gang -- og no treng vi ein ny medarbeidar som brenn for arbeidsinkludering og ungdom. Vi ser etter deg som trivst i møte med menneske, som ser moglegheiter der andre ser hinder, og som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell.

Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du vere ein viktig støttespelar for ungdom og vaksne som treng hjelp til å finne sin veg inn i arbeidslivet. Du vil mellom anna:

  • kartleggje ressursar, interesser og moglegheiter
  • gjennomføre karriererettleiing
  • bidra til utvikling av arbeidsevne og meistring
  • samarbeide tett med NAV, næringslivet og andre samarbeidspartnarar
  • skreddarsy oppfølging og tiltak for kvar enkelt deltakar
  • vere ein trygg og tydeleg rettleiar for ungdom i sårbare overgangar

Ønska kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • helse‑, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet
  • arbeidsinkluderingskompetanse og/eller relevant erfaring
  • interesse og kompetanse innan IT og digitale løysingar
  • brei erfaring frå arbeid med ungdom
  • gode samarbeidsevner og sterk relasjonskompetanse

Personlege eigenskapar, engasjement og evne til å skape tillit vil bli vektlagt.

Vi oppmodar menn til å søkje.

Du må disponere eigen bil.

Vi ser etter deg som

  • er løysingsorientert, fleksibel og sjølvstendig
  • trivst med å jobbe både ute i felt og på kontor
  • har eit ekte engasjement for menneske og arbeidsinkludering
  • likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo og mykje ansvar

Vi kan tilby

  • grundig opplæring og tett fagleg støtte
  • ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
  • stor moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og innhald i jobben
  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • gode velferdsordningar
  • løn etter avtale

Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest, jf. § 21 i arbeidsmarknadslova.

Vikariatet kan bli gjort om til fast.

Arbeidsstad

Vest‑Telemark, med hovudvekt på Vinje og Kviteseid.

Kontakt

For spørsmål om stillinga:

Torbjørn Blichfeldt Dyrland , dagleg leiar

E‑post: torbjorn.dyrland@kvito.no

Telefon: 932 61 670

Slik søkjer du

Send søknad og CV til:

torbjorn.dyrland@kvito.no

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Restid & pendling