Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal? • Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke? • Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? • Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? • Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit? Vi har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær ved Molde kompetanseklinikk med moglegheit for utvida administrativ funksjon. Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO. Stillinga omfattar i hovudsak ordinære kliniske oppgåver som tannhelsesekretær. Det kan òg vere aktuelt å kombinere dette med funksjon som overtannlegesekretær i delar av stillinga. I denne rolla vil du utføre støtte- og koordineringsoppgåver på vegner av overtannlegen, og bidra til god drift, samarbeid mellom klinikkane og administrativ støtte til leiarane i kompetanseregionen. Denne administrative funksjonen føreset autorisasjon som tannhelsesekretær. Arbeidsoppgåver Kliniske oppgåver • Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper. • Varierte kliniske arbeidsoppgåver, med pasientar i alle aldersgrupper. • Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern. • Administrative oppgåver knytt til timebestilling, journalsystem og pasientkontakt. Administrative oppgåver ved eventuell overtannlegesekretærfunksjon • Personaladministrative oppgåver som oppfølging av permisjonar, ferie og fråvær. • Oppfølging av tidregistrering og fråværsregistrering. • Bidra til implementering og oppfølging av rutinar, retningslinjer og arbeidsprosessar ved klinikkane. • Bidra til planlegging og koordinering av møte, samlingar, kurs og andre regionale aktivitetar. • Innhenting, samanstilling og oppfølging av statistikk, rapportering og annan administrativ dokumentasjon. • Eventuelt andre administrative og organisatoriske oppgåver etter nærare avtale med overtannlegen. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Overtannlegesekretærfunksjonen er forbeholdt autoriserte tannhelsesekretærar. • Søkarar utan autorisasjon kan bli vurderte for tilsetting i stilling som assistent dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk. • God digital kompetanse og erfaring med administrative system. • Erfaring med administrative oppgåver vil vere ein fordel. • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasienttryggleik. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • kjenner stoltheit for tannhelsefaget • er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig • trivst med både kliniske og administrative arbeidsoppgåver • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • er serviceinnstilt og løysingsorientert • tek ansvar og bidreg til god samhandling på tvers av klinikkar og fagmiljø • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr • Ei spennande og variert stilling med moglegheit for kombinasjon av kliniske og administrative arbeidsoppgåver. • Moglegheit for funksjon som overtannlegesekretær med ei sentral rolle i utvikling og drift av tannhelsetenesta i regionen. Det inneber eit eige funksjonstillegg på lønn så lenge funksjonen blir utøvd. • Lønn etter tariffavtale • Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk. • Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. • Introduksjonsprogram for nye medarbeidarar. • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest Kontaktinformasjon Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614 Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190 Arbeidsstad Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6 6412 Molde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5195671742 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.