Tannhelsesekretær ved Molde kompetanseklinikk
Molde kompetanseklinikk [molde_kompetanseklinikk], Møre og Romsdal fylkeskommuneOm tjänsten
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
- Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
- Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
- Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær ved Molde kompetanseklinikk med moglegheit for utvida administrativ funksjon.
Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO.
Stillinga omfattar i hovudsak ordinære kliniske oppgåver som tannhelsesekretær. Det kan òg vere aktuelt å kombinere dette med funksjon som overtannlegesekretær i delar av stillinga. I denne rolla vil du utføre støtte- og koordineringsoppgåver på vegner av overtannlegen, og bidra til god drift, samarbeid mellom klinikkane og administrativ støtte til leiarane i kompetanseregionen. Denne administrative funksjonen føreset autorisasjon som tannhelsesekretær.
Arbeidsoppgåver
Kliniske oppgåver
- Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.
- Varierte kliniske arbeidsoppgåver, med pasientar i alle aldersgrupper.
- Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern.
- Administrative oppgåver knytt til timebestilling, journalsystem og pasientkontakt.
Administrative oppgåver ved eventuell overtannlegesekretærfunksjon
- Personaladministrative oppgåver som oppfølging av permisjonar, ferie og fråvær.
- Oppfølging av tidregistrering og fråværsregistrering.
- Bidra til implementering og oppfølging av rutinar, retningslinjer og arbeidsprosessar ved klinikkane.
- Bidra til planlegging og koordinering av møte, samlingar, kurs og andre regionale aktivitetar.
- Innhenting, samanstilling og oppfølging av statistikk, rapportering og annan administrativ dokumentasjon.
- Eventuelt andre administrative og organisatoriske oppgåver etter nærare avtale med overtannlegen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Overtannlegesekretærfunksjonen er forbeholdt autoriserte tannhelsesekretærar.
- Søkarar utan autorisasjon kan bli vurderte for tilsetting i stilling som assistent dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
- God digital kompetanse og erfaring med administrative system.
- Erfaring med administrative oppgåver vil vere ein fordel.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasienttryggleik.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- kjenner stoltheit for tannhelsefaget
- er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
- trivst med både kliniske og administrative arbeidsoppgåver
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er serviceinnstilt og løysingsorientert
- tek ansvar og bidreg til god samhandling på tvers av klinikkar og fagmiljø
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei spennande og variert stilling med moglegheit for kombinasjon av kliniske og administrative arbeidsoppgåver.
- Moglegheit for funksjon som overtannlegesekretær med ei sentral rolle i utvikling og drift av tannhelsetenesta i regionen. Det inneber eit eige funksjonstillegg på lønn så lenge funksjonen blir utøvd.
- Lønn etter tariffavtale
- Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk.
- Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- Introduksjonsprogram for nye medarbeidarar.
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614
Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190
Arbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5195671742
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2026