Vil du vere med og gjere ein forskjell? Er du opptatt av å sjå moglegheiter framfor avgrensingar, og ønskjer å hjelpe menneske vidare mot arbeid og aktivitet? Då kan dette vere stillinga for deg. Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i avdeling Arbeid og helse i 100 % mellombels stilling frå 01.01.2027 og fram til 31.08.2027. Oppmøtestad er Sandane. Dette er ei spennande og variert stilling med to hovudområde: 50 % oppfølging av ungdom under 30 år som del av ungdomsgarantien, uavhengig av kva yting dei mottek. 50 % oppfølging av personar over 30 år med helseutfordringar, særleg innan sjukefråværsoppfølging og arbeidsavklaringspengar (AAP). Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar tett på menneske i ulike livssituasjonar. Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som kvar dag arbeider for å hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet. Kva går jobben ut på? • følgje opp og rettleie personar mot arbeid, utdanning eller annan aktivitet • kartleggje ressursar, arbeidsevne, interesser og moglegheiter saman med den enkelte • motivere og støtte brukarar i endrings- og utviklingsprosessar • samarbeide med arbeidsgjevarar, helsevesen, utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar • bidra til gode og heilskaplege løysingar som styrkjer moglegheitene for arbeid og aktivitet • forvalte aktuelle ytingar og verkemiddel i tråd med gjeldande regelverk • følgje opp ungdom omfatta av ungdomsgarantien Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha • fullført utdanning på bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • gode digitale ferdigheiter og interesse for ny teknologi Det er ein fordel om du har • erfaring frå rettleiing og oppfølging av menneske i krevjande livssituasjonar • kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og verkemiddelapparat • kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen • erfaring frå samarbeid med arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar • førarkort klasse B Kven er du? • trur på at alle menneske har ressursar og moglegheiter til å delta i arbeid eller aktivitet • møter menneske i ulike livssituasjonar med respekt, engasjement og profesjonalitet • er god til å skape relasjonar, motivere andre og byggje tillit • arbeider strukturert og målretta, også når du har fleire oppgåver samtidig • samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar Kvifor velje oss? • ein meiningsfull jobb der du bidreg til at fleire kjem i arbeid og aktivitet • varierte arbeidsoppgåver innan både ungdomsoppfølging og arbeid-/helsefeltet • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse • gode moglegheiter for fagleg utvikling • fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida • lønn som rådgivar (kode 1434) frå kr 639 000 til 650 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast. • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Les meir om Nav som arbeidsgivar Kontaktinformasjon Kari Tonning, Avdelingsleiar, 45233070, kari.tonning@nav.no Arbeidssted Gotevegen 68 6823 Sandane Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5201983596 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.