Kommunen er organisert i fem hovedområder; samfunn og kultur, økonomi, felles tjenester, barn og unge og helse og velferd. No står nye Plogen kulturhus klart for innflytting, med bibliotek, frivilligsentral, ungdomsklubb, kulturskule, kafé og kultursal. Klepp får ein splitter ny og moderne kultursal, tilrettelagd både for det frivillige kulturlivet og for profesjonelle produksjonar. Me satsar på å få til ein sal med høg aktivitet, eit variert, spanande og mangfaldig program og ikkje minst høg deltaking frå gode kulturkrefter i regionen. Klepp kommune søkjer tilkallingsvakter til arrangement som vil bidra til at Plogen kulturhus blir ein aktiv og inkluderande møteplass for heile Klepp. Du får ansvar for at publikum blir tatt i mot på ein god måte, både når det gjeld arrangementsavvikling og sikkerheit. Arbeidsmengda vil variere og arbeidsoppdrag vil skje ved tilkalling. Arbeidsoppgåver • Praktisk gjennomføring av arrangement • Billettkontroll og publikumsrettleiing • Sal av bar- og kioskvarer • Klargjering og rydding før og etter arrangement • Opning og stenging av kultursalen • Oppfølging av tryggleiks- brann og beredskapsrutinar • Enkle tekniske oppgåver etter opplæring • Samarbeid med arrangørar, artistar og kollegaer • Rettleing av frivillige arrangementsvertar Kvalifikasjonar • Har fylt 18 år • Har gode munnlege kommunikasjonsevner på norsk • Er fleksibel og kan arbeide på kveldstid og i helgar • Har interesse for kultur, arrangement og publikumsarbeid • Handterer uventa situasjonar på ein roleg og profesjonell måte • Kan handtere enkle riggeoppgåver • Har grunnleggjande digitale ferdigheiter Personlege eigenskapar • Er serviceinnstilt og trivst med kontakt med menneske • Har gode samarbeidsevner og ei positiv innstilling • Er påliteleg, ansvarsmedviten og kan arbeide sjølvstendig Vi tilbyr • Eit spanande tverrfaglig miljø og moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga av kommunen sitt kulturliv • Varierte og utfordrande oppgåver • Lønn etter tariff • Gode forsikrings- og pensjonsordninga (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt) • Gratis parkering • Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider • Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Kontaktinformasjon Andre Foldøy, Leder, +47 91112011 Arbeidsstad Solavegen 1 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5207255314 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 27.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.