SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida. Vi er godkjend lærebedrift innan automasjonsfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande og lærerik læretid i ei framtidsretta næring. Kva jobbar ein automatikar med i kraftbransjen? Som automatikarlærling får du arbeide med drift, vedlikehald og vidareutvikling av styre-, regulerings- og overvakingssystem som er avgjerande for kraftproduksjonen vår. Du vil vere med på å sikre at avanserte tekniske anlegg fungerer trygt og effektivt. Gjennom læretida får du arbeide med instrumentering, sensorar, kontrollanlegg, PLS-system, feilsøking og vedlikehald av automatiserte prosessar. Du vil samarbeide tett med erfarne fagarbeidarar, ingeniørar og andre spesialistar i eit tverrfagleg miljø. Som lærling i SFE får du • opplæring i tråd med læreplanen for automasjonsfaget • tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar • erfaring frå drift, vedlikehold og prosjekt i våre kraftverk • arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur • vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • gode velferdsordningar Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi, automasjon og digitale løysingar, likar å finne årsaker til feil og løyse tekniske utfordringar, er praktisk anlagt og ønskjer å lære gjennom erfaring, er ansvarsbevisst og har fokus på kvalitet i arbeidet, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø. Kvifor velje SFE? I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda, og bidreg til at anlegga våre blir drivne sikkert, effektivt og framtidsretta. Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den høge faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling. Som lærling i automasjonsfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune. Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg. For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon 913 50 826.
SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vind- og vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida. Vi er godkjend lærebedrift innan energioperatørfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande læretid i ei framtidsretta næring. Kva jobbar ein energioperatør med? Som energioperatør er du med på å overvake, drifte, vedlikehalde og utvikle anlegg som produserer fornybar energi. Du får arbeide med avansert teknologi, mekaniske og elektriske installasjonar, feilsøking og vedlikehald av kraftverk og tekniske anlegg. Gjennom læretida får du varierte arbeidsoppgåver ute i anlegga våre i tett samarbeid med erfarne fagarbeidarar og ingeniørar. Som lærling i SFE får du • opplæring i tråd med læreplanen for energioperatørfaget • tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar • erfaring frå drift, vedlikehald og prosjekt i våre kraftverk • arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur • vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • gode velferdsordningar Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi og energi, likar praktisk arbeid og å bruke både hovud og hender, er løysingsorientert og ansvarsbevisst, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø Kvifor velje SFE? I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda. Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling. Som lærling i energioperatørfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune. Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg. For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon 913 50 826.
Vil du bruke det du lærer på studiet til å løyse reelle utfordringar i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar? SFE tilbyr sommarjobb for bachelor- og masterstudentar som ønskjer relevant erfaring, fagleg utvikling og eit unikt innblikk i korleis vi skaper verdiar frå fornybar energi. Kanskje blir dette starten på ei framtidig karriere hos oss? Hos oss får du jobbe med oppgåver som har reell betydning for oss som organisasjon og selskap, du får praktisk erfaring frå ein viktig kraftprodusent på Vestlandet, og innsikt i korleis teknologi, berekraft, samfunnsansvar og forretningsutvikling heng saman. Du blir kjend med fagpersonar frå ulike delar av SFE-konsernet, og høve til å byggje nettverk. Vi ønskjer at du skal få bidra, lære og utvikle deg gjennom sommaren, ikkje berre observere frå sidelinja. Aktuelle fagområde kan vere ingeniørfag innan elkraft, bygg, automasjon, miljø eller teknologi, eller fag som HMS, HR, organisasjonsutvikling, kommunikasjon, økonomi eller forretningsutvikling. Kunnskap om bruk av teknologi og kunstig intelligens vil være nyttig uansett fagområde og problemstilling. Automatisering av arbeidsoppgåver og bruk av KI-agentar og anna teknologi for å legge til rette for verdiskaping er høgaktuelt innafor mange forretningsprosessar. Vi skal ha sommarstudentar i ulike avdelingar hos oss i SFE AS, i tillegg til i utviklingsselsapet vårt Nyvinn AS. Vi ser etter nysgjerrige og engasjerte studentar som ønskjer å bidra med nye perspektiv og frisk kunnskap inn i organisasjonen vår. Du likar utfordringar, du tek initiativ og du kan drive både deg sjølv og andre framover. Sommarjobben varer normalt i 4-6 veker i perioden juni-august 2027. Oppgi i søknaden kva veker du kan arbeide. Arbeidsstad vil i hovudsak vere ved hovudkontoret vårt på Sandane. Besøk ute i kraftverk er sjølvsagt aktuelt. For kandidatar utan tilhøyrsle til Gloppen kan vi tilby bustad i nærleiken av hovudkontoret. Ved behov kan sommarstudentane også disponere SFE-bil. Før tilsetting vil vi, etter samtykke, gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nærare informasjon om dette. Tilsetting føreset godkjent bakgrunnssjekk. Vi gler oss til å motta søknaden din! #Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.