Vil du vere med og sikre god fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda? Som fiskehelsebiolog/veterinær i Bremnes Seashore får du ei sentral rolle i oppfølginga av våre settefisk- og postsmoltanlegg, tett på både drift, biologiske resultat og kontinuerleg forbetring. Du blir ein viktig fagressurs i arbeidet med å sikre god fiskevelferd gjennom heile verdikjeda. Arbeidsoppgåver • Helseoppfølging på våre tre landanlegg • Akuttbesøk ved behov • Vaksinasjonskontrollar • Helsekontrollar, prøvetaking og utstedelse av helseattestar • Tilhøyrande rapportskriving • Rekvirering av legemiddel • Samhandling med drift, myndigheiter og eksterne samarbeidspartnarar • Bidra til biosikkerheitsarbeid, intern opplæring og kontinuerleg forbetring • Deltaking i prosjekt knytt til smoltkvalitet og biologiske prestasjonar • Fagleg støtte og oppfølging av sjøfasen ved behov (t.d behandlingsoppfølging) Stilinga vil kunne inngå i vaktordning. Vi ser etter deg som • Er veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon • Har du erfaring frå landbasert oppdrett, herunder settefisk- eller postsmoltproduksjon, tel det særs positivt • Erfaring frå matfiskproduksjon er også ein fordel • Evner å uttrykke deg klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg • Er strukturert og ryddig • Har sterkt engasjement og evne til å jobbe målretta • Er ein god lagspelar, samtidig som du evnar å jobbe sjølvstendig • Har førarkort klasse B og disponerar eigen bil Vi tilbyr • Ei variert og sjølvstendig nøkkelrolle i eit sterkt fagmiljø • Moglegheita til å påverke fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda • Dyktige kollegaer og gode utviklingsmoglegheiter • Konkurransedyktige vilkår • Firmahytte i Røldal, på Voss og Altea Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.