Ei nøkkelrolle innan fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda
Seashore Land ASOm tjänsten
Vil du vere med og sikre god fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda? Som fiskehelsebiolog/veterinær i Bremnes Seashore får du ei sentral rolle i oppfølginga av våre settefisk- og postsmoltanlegg, tett på både drift, biologiske resultat og kontinuerleg forbetring. Du blir ein viktig fagressurs i arbeidet med å sikre god fiskevelferd gjennom heile verdikjeda.
Arbeidsoppgåver
- Helseoppfølging på våre tre landanlegg
- Akuttbesøk ved behov
- Vaksinasjonskontrollar
- Helsekontrollar, prøvetaking og utstedelse av helseattestar
- Tilhøyrande rapportskriving
- Rekvirering av legemiddel
- Samhandling med drift, myndigheiter og eksterne samarbeidspartnarar
- Bidra til biosikkerheitsarbeid, intern opplæring og kontinuerleg forbetring
- Deltaking i prosjekt knytt til smoltkvalitet og biologiske prestasjonar
- Fagleg støtte og oppfølging av sjøfasen ved behov (t.d behandlingsoppfølging)
Stilinga vil kunne inngå i vaktordning.
Vi ser etter deg som
- Er veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon
- Har du erfaring frå landbasert oppdrett, herunder settefisk- eller postsmoltproduksjon, tel det særs positivt
- Erfaring frå matfiskproduksjon er også ein fordel
- Evner å uttrykke deg klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg
- Er strukturert og ryddig
- Har sterkt engasjement og evne til å jobbe målretta
- Er ein god lagspelar, samtidig som du evnar å jobbe sjølvstendig
- Har førarkort klasse B og disponerar eigen bil
Vi tilbyr
- Ei variert og sjølvstendig nøkkelrolle i eit sterkt fagmiljø
- Moglegheita til å påverke fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda
- Dyktige kollegaer og gode utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktige vilkår
- Firmahytte i Røldal, på Voss og Altea
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!
Restid & pendling
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Bømlo och dölj konkurrerande annonser på sidan.