Er du serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og trivast med varierte arbeidsoppgåver? No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team! Vi søkjer ein engasjert kjøkkenassistent i 100 % fast stilling. Hos oss står samarbeid og trivsel i sentrum, og vi lagar dei fleste produkta frå grunnen av. Produksjonsmetoden er hovudsakleg kok-server, og vi tilbyr varierte menyar, catering og spanande arbeidsdagar med rullering av oppgåver. Produksjonen går føre seg heile året, 365 dagar. Arbeidsoppgåver • Varemottak og mottakskontroll • Matproduksjon og utdeling av mat og drikke • Reinhald og oppvask • Drift av kantine • Bruk av kjøkkenet sitt kvalitetssystem • Bruk av seksjonen sine digitale verktøy Kvalifikasjonar • Over 18 år • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Erfaring frå storkjøkken er ein fordel Personlege eigenskapar • Du er ansvarsbevisst og lærevillig • Du er fleksibel og serviceinnstilt • Du er strukturert og sjølvstendig • Du har gode samarbeidsevner • Du er teknologivand og komfortabel med digitale verktøy • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her. Kontaktinformasjon Beate Leite Førde, Seksjonsleiar, Beate.Leite.Forde@helse-mr.no Arbeidsstad Kløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5188989103 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.