Hoppa till huvudinnehållet

Om tjänsten

Er du serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og trivast med varierte arbeidsoppgåver? No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team!

Vi søkjer ein engasjert kjøkkenassistent i 100 % fast stilling. Hos oss står samarbeid og trivsel i sentrum, og vi lagar dei fleste produkta frå grunnen av. Produksjonsmetoden er hovudsakleg kok-server, og vi tilbyr varierte menyar, catering og spanande arbeidsdagar med rullering av oppgåver. Produksjonen går føre seg heile året, 365 dagar.

Arbeidsoppgåver

  • Varemottak og mottakskontroll
  • Matproduksjon og utdeling av mat og drikke
  • Reinhald og oppvask
  • Drift av kantine
  • Bruk av kjøkkenet sitt kvalitetssystem
  • Bruk av seksjonen sine digitale verktøy

Kvalifikasjonar

  • Over 18 år
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå storkjøkken er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og lærevillig
  • Du er fleksibel og serviceinnstilt
  • Du er strukturert og sjølvstendig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er teknologivand og komfortabel med digitale verktøy
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her.

Kontaktinformasjon

Beate Leite Førde, Seksjonsleiar, Beate.Leite.Forde@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5188989103

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 19 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Seksjon for kjøkken og kantine Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Volda och dölj konkurrerande annonser på sidan.