Det er ledig 100 % vikariat for lærar på barnetrinnet frå og med snarast til og med 31.07.2027 Sand skule har om lag 285 elevar fordelt på 13 klassar frå 1.-10. trinn. Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet. Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot. Arbeidsoppgåver • Me søkjer etter lærarar på barnetrinnet med kompetanse innan norsk, matematikk og spesialpedagogikk. • Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov. Kvalifikasjonar • Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen, men andre med relevant kompetanse kan òg søkja. Personlege eigenskapar • vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt. • vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet. • vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen. • er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag for ein skule i kontinuerleg utvikling. • har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter. Hjå oss i Suldal kommune får du: • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Engasjerte og dyktige kollegaer • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale • Bedriftshelseteneste • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • Nynorsk som administrasjonsspråk • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette Andre opplysningar: • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist Slik søkjer du: • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00. Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.