Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her. Er du nyutdanna sjukepleiar og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt.? Då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar. Vi har ledig • 100 % fast stilling som sjukepleiar Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til avdelinga sine pasientar og du arbeider tverrfagleg i team. Du skal som pasientansvarleg sjukepleiar vere pasienten sin kontakt og talsperson, ha ansvar for å sikre kontinuitet, fagleg forsvarleg praksis, kvalitet i tenesta og koordinere tenestetilbodet. Vi søker deg som: • har ønske og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov • har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester • evner å jobbe både sølvstendig og i team • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert • er fleksibel og likar utfordringar • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav • norsk autorisasjon som sjukepleiar • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg Vi tilbyr: • drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre • pasientnært og fagleg fokus • rekruttering- og stabiliseringtillegg på kr 35 000,- per år • kompetanstetillegg for relevant vidareutdanning • moglegheit for langvakter Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere langvakt og kortvakt. Vi tilpassar turnusen så langt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg. Søkar må kunne legge fram gyldig politiattest utan merknader før start i stilling. Du søker elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar! Link til søknadsskjema: Søk her
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her. Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter. Vi har ledig: • 100 % stilling i 1 års vikariat som helsefagarbeidar Arbeidsoppgåver: • ansvar for heilskapleg pleie, omsorg og behandling av pasientane • sikre dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar • samarbeide med pasienter • samarbeide med pårørande og medarbeidarar • rettleie og gje støttestamtalar • legge til rette for aktivitet Kvalifikasjonskrav: • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg Vi søker deg som • har ønske og glede av å arbeid med menneske med ulike hjelpebehov • er fagleg engasjert og vil utvikle gode tenester • evnar å jobbe sjølvstendig og i team • er løysingsorientert og fleksibel • er strukturert og ansvarsbevist • er lojal og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Vi tilbyr deg: • drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre • pasientnært og fagleg fokus • spanande og faglege utfordringar • leiing som er nær • rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr 7 000 per år til fagarbeidar i omsorgssenter • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning • moglegheit for langvakter Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg. Før tilsetting må søkar kunne levere politiattest uten merknader. Du søker elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar! Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.