Vi har behov for tilkallingsvikarar som vi kan ringe til og som kan stille på kort varsel ("ringevikarar") til barnehagane ved oppvekstsentra i Bøfjorden og Bæverfjord, Todalen og Stangvik og Mo. Det er fint om du har erfaring frå arbeid med barn i barnehagealder. Skriv gjerne i søknaden kva som kan vere aktuell barnehage å arbeide i for deg. Det er krav om å legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader. Her finn du informasjon om oppvekstsentra våre: https://www.surnadal.kommune.no/tenester/skule-og-utdanning/skulane-i-surnadal/grunnskular/ Vi engasjerer tilkallingsvikarar fortløpande. Om du har spørsmål, tek du kontakt med einingsleiar for oppvekstsentra våre: Gro Kvammen Sæter, tlf 920 40 465. Link til søknadsskjema: Søk her
I Surnadal kommune har vi behov for tilkallingsvikarar i grunnskulane og ved vaksenopplæringa. Vi har behov for tilkallingsvikarar på kort varsel ("ringevikarar") som kan stå på vikarliste hos oss. Vi søkjer etter deg som har pedagogisk kompetanse og alle fag er aktuelle. Det er viktig at det går fram av søknad/søknadstekst kva fag du har. Vi vil ta kontakt med aktuelle søkarar fortløpande. Det er krav om å levere tilfredsstillande politiattest før tilsetting. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader. Kontaktperson Surnadal barne- og ungdomsskule og vaksenopplæring: Grunde Walset, einingsleiar, tlf. 99279661 Kontaktperson Mo oppvekstsenter, Todalen og Stangvik oppvekstsenter og Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter: Gro Kvammen Sæter, einingsleiar, tlf. 92040465 Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.