Vi har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar i barnehagane våre. Vi har fire flotte barnehagar i Nissedal kommune, og ein vil kunne bli flytta mellom barnehagane etter behov. For komande barnehageår er denne stillinga tenkt i Treungen barnehage. Treungen barnehage er ein to-avdelings barnehage i Treungen, med eit stort og godt uteområde og gode turområde. Du vil møte engasjerte, fleksible og faglege tilsette som er opptatt av å lage gode dagar for barna med stort høve til leik, læring og relasjonsbygging. Vi legger vekt på fagleg utvikling. Vi arbeidar nå med hjernevennleg oppvekst i heile oppvekstsektoren i kommunen. Arbeidsoppgåver Som barnehagelærerar har du ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen for barnehagens innhold og oppgåver. Du vil bidra til å utvikle og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid, og vere ein tydelig rollemodell for barna. Oppgåver jamfør stillingsomtala for pedagogisk leiar i Nissedal kommune. Kvalifikasjonar • Barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning • Gode faglege kunnskaper og interesse for fagleg utviklingsarbeid Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje melder seg søkjarar i målgruppa. Personlege eigenskapar • Samarbeidsevne og fleksibilitet • Omstillingsevne • Raushet • Positiv • Engasjement Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen. Vi tilbyr • Inkluderande og positivt arbeidsmiljø • Spennande arbeidsoppgåver med fastsette stillingsomtalar • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement Anna: Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk. Dersom interne tilsetjingar, kan andre stillingar bli ledig. KontaktinformasjonNatalie Zernichow Fjalestad, Styrar Treungen barnehage, +47 47 62 92 75 ArbeidsstadSollivegen 27 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5194148478 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.