Om tjänsten
Vi har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar i barnehagane våre. Vi har fire flotte barnehagar i Nissedal kommune, og ein vil kunne bli flytta mellom barnehagane etter behov. For komande barnehageår er denne stillinga tenkt i Treungen barnehage.
Treungen barnehage er ein to-avdelings barnehage i Treungen, med eit stort og godt uteområde og gode turområde.
Du vil møte engasjerte, fleksible og faglege tilsette som er opptatt av å lage gode dagar for barna med stort høve til leik, læring og relasjonsbygging.
Vi legger vekt på fagleg utvikling. Vi arbeidar nå med hjernevennleg oppvekst i heile oppvekstsektoren i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Som barnehagelærerar har du ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen for barnehagens innhold og oppgåver. Du vil bidra til å utvikle og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid, og vere ein tydelig rollemodell for barna.
Oppgåver jamfør stillingsomtala for pedagogisk leiar i Nissedal kommune.
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje melder seg søkjarar i målgruppa.
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
Vi tilbyr
- Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
Anna:
Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
Dersom interne tilsetjingar, kan andre stillingar bli ledig.
KontaktinformasjonNatalie Zernichow Fjalestad, Styrar Treungen barnehage, +47 47 62 92 75
ArbeidsstadSollivegen 27
3855 Treungen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5194148478
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2026